Ved fabrikasjonsfeil eller svakheit på saum, glidelås og liknande har Kattnakken 2 års garanti mot framlagt kvittering. Fabrikasjonsfeil er feil som fanst allereie då produktet blei levert.
Garantien gjeld ikkje ved vanleg slitasje, skadar som ein sjølv er skuld i, feil vask- og vedlikehald. Garantien dekker heller ikkje skadar forårsaka av ulykker, feil bruk, aktløyse, eller naturleg nedbrytning av fargar og materiale etter langvarig/hyppig bruk. Dette gjeld også knappar som blir slitt av i bruk, refleksar og hemper. Ta alltid godt vare på eventuelle reserveknappar som følger med.
Dersom noko er feil med vara du har motteke, ta eit bilde av feilen hvis mogeleg. Send bilde av feilen på produktet og beskriving saman med kvittering til: post@kattnakken.no
Ved normal bruk, vil eit Kattnakken produkt halde lenge.
NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.