Lukk

Velkomen tilbake!

Logg inn
Brukarnamn
Passord
Gløymd passord?

Suksess

Obligatoriske felter er ikke fylt ut

Error på server. Vær så snill å kontakt oss.

Du har forsøkt maks antall ganger som er tillatt. Kontakt oss for hjelp

E-post
Fyll inn di epostadresse, så sender me deg ditt brukarnamn på epost

Suksess

Obligatoriske felter er ikke fylt ut

Error på server. Vær så snill å kontakt oss.

Du har forsøkt maks antall ganger som er tillatt. Kontakt oss for hjelp

E-post

Se produktkategorier

Garanti & Reklamasjon!

  • Garanti!

    Ved fabrikasjonsfeil eller svakheit på saum, glidelås og liknande har Kattnakken 2 års garanti mot framlagt kvittering. Fabrikasjonsfeil er feil som fanst allereie då produktet blei levert.

     

    Garantien gjeld ikkje ved vanleg slitasje, skadar som ein sjølv er skuld i, feil vask- og vedlikehald. Garantien dekker heller ikkje skadar forårsaka av ulykker, feil bruk, aktløyse, eller naturleg nedbrytning av fargar og materiale etter langvarig/hyppig bruk. Dette gjeld også knappar som blir slitt av i bruk, refleksar og hemper. Ta alltid godt vare på eventuelle reserveknappar som følger med.

     

    Dersom noko er feil med vara du har motteke, ta eit bilde av feilen hvis mogeleg. Send bilde av feilen på produktet og beskriving saman med kvittering til: post@kattnakken.no

     

    Ved normal bruk, vil eit Kattnakken produkt halde lenge.

    NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.

  • Me kan reparere!

    Har du vore uheldig og fått ein skade på produktet? Ta kontakt så vurderer me om reparasjonsavdelinga kan reparere skaden på: post@kattnakken.no

     

    Fyll ut reparasjonsskjema med namn, adresse og kva som er feil med produktet. Send det så til oss og me reparerer og sender det i retur. Følg instruksen om korleis klargjere eit produkt for reparasjon.

     

    Denne tenesta kostar kr 199,- inkl. porto. Dette kan også brukast om du lurer på om det er ei garantisak. Om det blir godkjent reklamasjonssak, vil me erstatte portoen. Merk at portoen ikkje vil bli refundert om reklamasjonsavdelinga finn ut at skadene er sjølvvalda.

     

  • Korleis klargjer eg produktet for reparasjon eller reklamasjon?

    Alle produkt som blir sendt inn for reparasjon eller som ei garantisak skal vera nyvaska. Dersom produkta ikkje er vaska etter Kattnakken sine anvisningar tek me atterhald om retten til å fakturere 300 kr for vask. Dette kan høyrast strengt ut, men om produktet ikkje er vaska får me ikkje reparert det, eller sett på eventuelle feil, og me må levere det til vask før me kan starte arbeidet. Dette er av hygieniske årsaker og for at me skal kunne sjå eventuelle skadar og reparere dei.

     

    Legg ved namn, adresse, mobilnummer og e-post når du returnerer produktet. Dette for at me skal vite kven me skal kontakte og returnere vara til etter reparasjon. Ved garantisak må også kopi av kvittering leggast ved.

    Legg også ved beskriving av det du ønsker fiksa.

     

  • Når veit ein om det er ein produksjonsfeil?

    Produksjonsfeil er feil på stoffet som fanst allereie då produktet blei levert og det vil som regel vise seg raskt. Reklamasjonar vurderast basert på produktet sin tilstand, alder, bruk, vedlikehald og slitasje som er avgjerande for erstatning. Dersom det er ein produksjonsfeil så gjelder reklamasjonsprinsippet. 

     

    Skadar som har oppstått etter levering går ikkje som produksjonsfeil. Dette kan vera skadar som er sjølvforskyldt, normal slitasje, feil i vask- og vedlikehald eller liknande.

     

    Ta kontakt med oss for vurdering på: 

    post@kattnakken.no

     

     

  • Korleis gå fram?

    Alle garantisaker må avklarast med Kattnakken før dei kan godkjennast. Når det er ei godkjent garantisak, vil produktet bli erstatta av Kattnakken. Ei individuell bedømming av blant anna produktet sin tilstand og alder er avgjerande for erstatning. NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.

    Alle reklamasjonar og garantisaker skal sendast til post@kattnakken.no

Kattnakken AS, Bjellandsvegen 27B, 5411 Stord
I post@kattnakken.no | www.kattnakken.no | org.nr. 811 610 402