Regntøy vaskast på 40 grader fin/yttertøyvask med flytande vaskemiddel. Hugs å slå av/ned sentrifugen så vil plagget halde seg fint lenge. Sentrifugering vil ikkje ha nokon effekt på denne typen stoff, forutan at det vil øydelegge vanntettheten i lengda.
Vaskast med yttersida ut og tørkast med innsida ut. Så etter vask; vreng plagget, heng det opp og la det drypptørke.
Ikkje vask regntøyet for ofte, tørk heller bare over det med ein våt klut, då sparar du både miljøet og regntøyet vare lenger.
Ikkje bruk tøymjuknar!
Om plagget er vått etter leik ute, er det viktig å henge det opp til tørk på ein luftig stad.
Pu stoff vert øydelagt om det ligg vått samanbretta, tildømes i ein pose over tid.
Om du skal være uheldig å miste ein knapp kan du kontakte oss og vi sender deg ein ny!
Vi har ikkje lenge ekstra knapper i plagga våre, då ein sjeldan finn dei når ein treng dei.
Slik sparer vi miljøet for mange unødige knappar.
Lause fotstrikkar får du også kjøpt i nettbutikken.