Me kan reparere mykje!
Kontakt oss først for å undersøke om me kan reparere produktet ditt. Send bilde og beskrivelse av det du ønsker å reparere til: post@kattnakken.no. Me vurderer så skaden og svarar deg på du kan sende inn produktet for reparasjon.
Dersom me kan reparere produktet, følg instruksen om korleis klargjere eit produkt for reparasjon (https://www.kattnakken.no/kundesenter/garanti-reklamasjon/korleis-klargjer-eg-produktet-for-retur-eller-reparasjon).
Me vil maile deg ein returfraktlapp!
Denne tjenesta kostar 199 kr inkl. porto. Den tjenesta kan også brukast om du lurar på om det er ein garantisak. Om det blir ein godkjent reklamasjonssak, vil me erstatte portoen. Merk at portoen ikkje vil bli refundert om reklamasjonsavdelinga finn ut at skadane er sjølvforskyldt.
Alle produkt som sendest inn for reparasjon eller som ein garantisak skal vera nyvaska. Dersom produkta ikkje er vaska i henhald til Kattnakken sine anvisningar tek me atterhald om retten til å fakturere 300 kr for vask. Dette kan høyrast strengt ut, men om produktet ikkje er vaska får me ikke reparert det og må levere det til vask før me kan starte arbeidet.
Dette er av hygieniske årsaker og for at me skal kunne sjå eventuelle skadar og kunne reparere dei.
Når du sender inn produkt for reparasjon så må du legge ved:
Namn:
Adresse:
Mobil nr.:
E-post:
Legg også ved beskriving av det du ønsker fiksa.
Bruker du returen for å få vurdert ein eventuell garantisak MÅ kvittering leggast ved.