Lukk

Velkomen tilbake!

Logg inn
Brukarnamn
Passord
Gløymd passord?

Suksess

Obligatoriske felter er ikke fylt ut

Error på server. Vær så snill å kontakt oss.

Du har forsøkt maks antall ganger som er tillatt. Kontakt oss for hjelp

E-post
Fyll inn di epostadresse, så sender me deg ditt brukarnamn på epost

Suksess

Obligatoriske felter er ikke fylt ut

Error på server. Vær så snill å kontakt oss.

Du har forsøkt maks antall ganger som er tillatt. Kontakt oss for hjelp

E-post

Se produktkategorier

Kven er Kattnakken?

Bak det norske klesmerke Kattnakken finn vi Silje Vatne Ersland – norsk gründer, fotograf og designer. Produktspesialist på design av barneklede, hovedsakeleg uteklede.

Silje har vore produktutviklar for fleire anerkjende aktørar som b.l.a. Troll Company, Reflex og Ugly Children’s Clothing. Ho har over 17 års erfaring med produksjon, design og vidareutvikling av barneklede. No har ho endeleg laga sitt eige merke, Kattnakken.

 

“Barn skal ha det gøy i klede eg har designa”

Det er Silje sitt motto. Kattnakken blei etablert i februar 2013 og har raskt blitt ein favoritt blant barnehagar og foreldre. Produkta frå Kattnakken er designa på barna sine premissar og eit løfte om å lage klede barn vil trivast i. Kleda er behagelege og lette å vera aktive i, og dei skal ikkje hindre barnet i si utfolding og leik.

Dette er Kattnakken sin filosofi og her er det verkeleg tenkt på alt. Ikkje nok med at plagga er laga i godt testa materialer med god kvalitet, men dei er også utstyrt med alt av tekniske og funksjonelle løysingar som skal til. For å sei det enkelt: Det er lett å sjå at dette er noko designeren kan og har gjort før.

 

Kattnakken er eigd og driven av Silje. Med seg som hjelparar har ho fått inn Ingrid som pakkar og passar på lager, kundeservice og lagerbutikk og Kari som jobbar med logistikk, system og sosiale medium.


Namnet:

Kattnakken er eit fjell som strekk seg 724 meter opp mot himmelen, ute mot havet i vest på øya Stord, der gründeren er frå. Katten, eit sjølvstendig dyr som er nysgjerrig, leiken, smidig, har ni liv og alltid landar på beina. Den elskar å utforske og gå på eventyr.

Fjellet, hurtige veromslag, utfordringar, kulde, regn, snø og is, men også sol og seier. Fjellet utfordrar oss både fysisk og mentalt, å bestige eit fjell er ikkje alltid einstydande med å gå opp eit fjell. Og er det ikkje det barn gjer i si utvikling? Eit barn meistrar nye oppgåver og lærer noko nytt heile tida.

 

Dei bestig små fjelltoppar kvar dag, er nysgjerrige og leikne akkurat som katten.

 

Om Kattnakken
Kattnakken AS, Bjellandsvegen 27B, 5411 Stord
I post@kattnakken.no | www.kattnakken.no | org.nr. 811 610 402