Plask Regnsett Alltid B-varer 1279 Oker 80

899 kr 299 kr

Valgt farge: Oker

Valgt storleik:

Produktbeskrivelse:

Vert selt som B-vare grunna feilproduksjon på nokre av plagga. Me i Kattnakken likar ikkje å destruera godt brukande plagg. Av den grunn sel me det heller til sterkt redusert pris utan garanti.

Feilen me har oppdaga er at nokre av buksene har feil på samansveisinga på leggen. Dette kan i nokre tilfelle føre til at det kan komma inn vatn om ein sit i ein pytt. Vårt tips mot dette er å bruka ein tekstil-lim eller blank våtromssilikon, og legge eit tynt lag over der det eventuelt er ein feil. Dette er ein lappemetode ein kan bruke elles også på kantar og saumar. I denne type reperasjon er det ikkje så lett å bruke reperasjonslapp då den ikkje vil få god nok festeflate.

Hugs at brukar ein ull under og innerst, så held ein godt på varmen, sjølv om ein blir litt våt!

Regnsettet har børsta innside som lunar godt. Settet går heilt opp i str. 140 og passer like godt i barnehagen som på skulen. Det er refleksar på både bukse og jakke og vannstoppar i ermer og bein. Under foten har me med den slitesterke gummien. Sveisa saumar og sikker hette som er både avtagbar og regulerbar.

Gode kvalitetar og sterke saumar held regnet ute dagen lang!

Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Børsta innside på jakke og bukse
• Utan fôr
• Vindtett
• Vanntett (30 000 vannsøyle)
• Avtagbar hette
• Vannstoppar i bein og armar
• Strikkar under foten
• Sveisa saumar
• Refleks på armar og bein