Regndress utan fôr Alltid B-varer 1280 Oker 128

999 kr 299 kr

Valgt farge: Oker

Valgt storleik:

Produktbeskrivelse:

Vert selt som B-vare grunna feilproduksjon på nokre av plagga. Me i Kattnakken likar ikkje å destruera godt brukande plagg. Av den grunn sel me det heller til sterkt redusert pris utan garanti.

Feilen me har oppdaga er at nokre av dressane har feil på samansveisinga i skrittet. Dette kan i nokre tilfelle føre til at det kan komma inn vatn om ein sit i ein pytt. Vårt tips mot dette er å bruka ein tekstil-lim eller blank våtromssilikon, og legge eit tynt lag over der det eventuelt er ein feil. Dette er ein lappemetode ein kan bruke elles også på kantar og saumar. I denne type reperasjon er det ikkje så lett å bruke reperasjonslapp då den ikkje vil få god nok festeflate.

Hugs at brukar ein ull under og innerst, så held ein godt på varmen, sjølv om ein blir litt våt!

Regndressen har mjuk slitesterk kvalitet (PU Ekstrem ). Den er ufora, men med vannstoppar i ermer og bein. Dressen går heilt opp i str. 140 og passer like godt i barnehagen som på skulen. Den er utstyrt med slitesterke fotstrikkar, gode namnelappar, refleksar på ermer og bein, sveisa saumar og sikker hette som er både avtagbar og regulerbar. Den er slitesterkt og heilt vanntett.

NB! Dressen er god i størrelsen, så mål barnet sin høgde og vel den størrelsen som ligg nærast! Det er ikkje behageleg for barnet å bruke for store klede, då mistar dei sin bevegelsesfrihet når dei er ute og leikar og plagget blir slitt feil.

Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Str. 80 - 140
• Vindtett
• Vanntett (30 000 vannsøyle)
• Avtagbar hette
• Vannstoppar i bein og armar
• Strikkar under foten
• Sveisa saumar
• Refleks på armar og bein