Ordre & Betaling
-
Eg la inn feil på ordren min...
Om du oppdagar feilen innan 20 minutt etter satt ordre, så kan du sende e-post til post@kattnakken.no så skal vi gjer vårt beste for å få det ordna innan vi sender ordren.
-
Korleis betaler eg?
Kattnakken brukar i dag Stripe til å handtere betalingane. Dette er ein trygg og sikkert betalingsmåte, all informasjon om betalinga er det Stripe som behandlar og du er heilt trygg når du betaler hos oss.
Frakt & Levering
-
Kva kostar det å få varene tilsendt?
Alle pakkar kostar kr 49,- i frakt.
NB! Fri frakt på alle bestillingar over 1 000 kr.
-
Eg oppga feil adresse...
Kunden er sjølv ansvarleg for å ha fylt inn korrekt adresse, e-post og mobilnummer for at posten skal kunne nå fram. Om kunden har opplyst feil eller ikkje har henta pakken innan fristen til PostNord så blir bestillinga sendt i retur til Kattnakken. I dette tilfellet må kunden betale straffeportoen Kattnakken blir pålagt av PostNord (kr 199,-) og betale for eventuell ny forsendelse. Om du oppdagar feilen innan 20 minutt etter ordren er satt kan du sende e-post til post@kattnakken.no
-
Kan eg hente bestillinga mi?
Ja det kan du! Lageret er ope for henting av bestillingar kvardagar fra 8 - 16, og 8 - 18 på Onsdagar. Me sender ut hentemelding når pakken er klar.
-
Når får eg varene mine?
Din ordre blir ekspedert innan 48 timar (kvardagar). I høgsesongen august og september kan det ta noko lenger tid. Pakken vil nå deg 2-4 verkedagar etter sending frå vårt lager (på enkelte strekningar opp til 6 verkedagar). Pakken blir frakta av PostNord, så me anbefalar alle å laste ned PostNord sin app for leveringsstatus.
Hugs at du er ansvarleg for å hente pakken i tide når den har kome fram til hentestad.
-
Eg gløymde å hente pakken min!
Kunden er sjølv ansvarleg for å ha fylt inn korrekt adresse, e-post og mobilnummer for at posten skal kunne nå fram. Om kunden har opplyst feil eller ikkje har henta pakken innan fristen til PostNord så blir bestillinga sendt i retur til Kattnakken. I dette tilfellet må kunden betale straffeportoen Kattnakken blir pålagt av PostNord (kr 199,-) og betale for eventuell ny forsendelse.
Bytte & Retur
-
Bytte
Bytte
Ønsker du å bytte ei vare kjøpt i nettbutikken, sender du vara i retur innan 14 dagar og legger inn ny ordre for å få tilsendt ny farge/størrelse. Ditt første kjøp vil bli behandla som vanleg retur, sjå meir informasjon under.
Spørsmål kan sendast til post@kattnakken.no
-
Retur
Retur
Retur må gjerast innan 14 dagar etter motteke vare. Returnerte varer må vera ubrukt og fullstendig med alt av tilbehør, etikettar samt vera pakka i orginalemballasjen.
- Fyll ut angrerettskjema og legg det med vara som skal returnerast.
- Bestill retur med PostNord og bruk returkode: Kattnakken https://my.postnord.no/return
- Returetiketten må printast og plasserast godt synleg på pakken. Lever pakken til næraste PostNord innleveringsstad.
- Forbrukar må dekka returkostnadane (jf. Angrerettlova § 15, første ledd). Ved retur vil pengane bli refundert innan 14 dagar etter mottak. Merk at returkostnaden på 49 kr vil bli trekt frå refusjonsbeløpet.
Spørsmål kan sendast til post@kattnakken.no
-
Angrerett
Angrerett
Angrerettlova gjeld ved kun ved forbrukarkjøp i Kattnakken sin nettbutikk. Angreretten kan difor ikkje nyttast av firma eller andre som har handla som ledd i næringsverksemd (jf. Angrerettlova § 6, punkt e).» Angreretten gjeld ikkje dersom varene ikkje kan leverast tilbake i same stand og mengde, og skade eller svekking skyldest uforsiktigheit eller manglande omsorg frå forbrukerens side (jf. Angrerettlova § 12, punkt a). Varene må vera ubrukte og returnerast i originalemballasje med alle merkelappar på.
Angrerettskjema blir sendt per e-post saman med ordrebekreftelsen. Du må nytte angreretten innan 14 dagar frå du mottek pakken.
-
Feil eller defekt vare!
Dersom du mottek varer som ikkje er tilsvarande det du har bestilt, eller er skada/defekt vil me erstatte det eller refundere det du har betalt. Dette må varslast ved å sende oss ein e-post til post@kattnakken.no innan rimeleg tid etter at du har motteke varene. Skada eller feilaktig leverte varer må returnerast til oss (med mindre vi informerer deg om at retur ikkje er nødvendig). Returnerte varer må vera ubrukt og fullstendig med alt av tilbehør, etikettar og vera pakka i orginalemballasjen. Kostnadane ved returporto vil bli betalt av oss og vil bli refundert til din konto.
Garanti & Reklamasjon
-
Garanti
Ved fabrikasjonsfeil eller svakheit på saum, glidelås og liknande har Kattnakken 2 års garanti mot framlagt kvittering. Fabrikasjonsfeil er feil som fanst allereie då produktet blei levert.
Garantien gjeld ikkje ved vanleg slitasje, skadar som ein sjølv er skuld i, feil vask- og vedlikehald. Garantien dekker heller ikkje skadar forårsaka av ulykker, feil bruk, aktløyse, eller naturleg nedbrytning av fargar og materiale etter langvarig/hyppig bruk. Dette gjeld også knappar som blir slitt av i bruk, refleksar og hemper. Ta alltid godt vare på eventuelle reserveknappar som følger med.
Dersom noko er feil med vara du har motteke, ta eit bilde av feilen hvis mogeleg. Send bilde av feilen på produktet og beskriving saman med kvittering til: post@kattnakken.no
Ved normal bruk, vil eit Kattnakken produkt halde lenge.
NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.
-
Me kan reparere!
Har du vore uheldig og fått ein skade på produktet? Ta kontakt så vurderer me om reparasjonsavdelinga kan reparere skaden på: post@kattnakken.no
Fyll ut reparasjonsskjema med namn, adresse og kva som er feil med produktet. Send det så til oss og me reparerer og sender det i retur. Følg instruksen om korleis klargjere eit produkt for reparasjon.
Denne tenesta kostar kr 199,- inkl. porto. Dette kan også brukast om du lurer på om det er ei garantisak. Om det blir godkjent reklamasjonssak, vil me erstatte portoen. Merk at portoen ikkje vil bli refundert om reklamasjonsavdelinga finn ut at skadene er sjølvvalda.
-
Korleis klargjer eg produktet for reparasjon eller reklamasjon?
Alle produkt som blir sendt inn for reparasjon eller som ei garantisak skal vera nyvaska. Dersom produkta ikkje er vaska etter Kattnakken sine anvisningar tek me atterhald om retten til å fakturere 300 kr for vask. Dette kan høyrast strengt ut, men om produktet ikkje er vaska får me ikkje reparert det, eller sett på eventuelle feil, og me må levere det til vask før me kan starte arbeidet. Dette er av hygieniske årsaker og for at me skal kunne sjå eventuelle skadar og reparere dei.
Legg ved namn, adresse, mobilnummer og e-post når du returnerer produktet. Dette for at me skal vite kven me skal kontakte og returnere vara til etter reparasjon. Ved garantisak må også kopi av kvittering leggast ved.
Legg også ved beskriving av det du ønsker fiksa.
-
Når veit ein om det er ein produksjonsfeil?
Produksjonsfeil er feil på stoffet som fanst allereie då produktet blei levert og det vil som regel vise seg raskt. Reklamasjonar vurderast basert på produktet sin tilstand, alder, bruk, vedlikehald og slitasje som er avgjerande for erstatning. Dersom det er ein produksjonsfeil så gjelder reklamasjonsprinsippet.
Skadar som har oppstått etter levering går ikkje som produksjonsfeil. Dette kan vera skadar som er sjølvforskyldt, normal slitasje, feil i vask- og vedlikehald eller liknande.
Ta kontakt med oss for vurdering på:
-
Korleis gå fram?
Alle garantisaker må avklarast med Kattnakken før dei kan godkjennast. Når det er ei godkjent garantisak, vil produktet bli erstatta av Kattnakken. Ei individuell bedømming av blant anna produktet sin tilstand og alder er avgjerande for erstatning. NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.
Alle reklamasjonar og garantisaker skal sendast til post@kattnakken.no
Størrelseshjelp
-
Korleis finne riktig størrelse?
Barn veks fort... ca 6 cm i året frå dei er 1,5 år!
Heldigvis blir ikkje vi menneske så høge som Kattnakkenfjellet, men det kan vera ei utfordring å finne ein størrelse som passer for det.
Hjelp til å finne rett størrelse får du ved å gå til bildene i produktet du lurar på. Der finn du informasjon om produktet samt plagga sine faktiske mål.