Om oss

Bygd stein for stein
Kattnakken vart grunnlagt av Silje Vatne Ersland i 2013. Med si lange erfaring innan design og utvikling av funksjonelle klede har ho bygd opp ei sterk merkevare kjend for kvalitet, funksjonalitet og fargerik design. Silje starta Kattnakken med eit enkelt mål: å lage regnklede som verkeleg fungerer – og som varer. Ho er særs nøye med detaljane, og dersom noko ikkje fungerer godt nok, blir det forbetra. Kanskje kjem denne haldninga av at Kattnakken vart til på Stord. Her møter Silje kundane sine på butikken, på fotballbana, på fjelltur og langs gangvegen heim frå jobb. Då held det ikkje at produkta ser bra ut – dei må fungere i verkelegheita òg.
Våre produkt
Folka bak
Med seg har Silje eit dedikert team ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse., alle oppvaksne med dråpar som dundrar i bakken på Vestlandet. Me jobbar tett saman, med korte avstandar frå idé til avgjerd. Det gir rom for diskusjon, testing og forbetring i alle ledd. Samstundes samarbeider me med dyktige partnarar som deler verdiane våre og ønsket om å lage produkt som varer. Til sjuande og sist handlar Kattnakken om menneska bak – dei som kvar dag jobbar for at små og store skal kunne gå ut og nyte regnet.
Blogg - Livet i Kattnakken
Kvifor Kattnakken?
Kattnakken er eit fjell som strekkjer seg 724 meter opp mot himmelen, vest i havet på øya Stord, der Silje kjem i frå. Namnet rommar mykje av det me ønskjer å vere. Katten er nysgjerrig, leiken og smidig. Han utforskar verda, tek sjansar og landar alltid på beina. Akkurat slik me håpar barn skal få vere. Fjellet representerer naturkreftene. Regn, vind, snø og is – men også meistring, eventyr og utsikt. Å bestige eit fjell handlar ikkje berre om å gå opp ein sti. Det handlar om å utfordre seg sjølv og oppleve meistring. Det er den leiken, nysgjerrigheita, meistringa og gleda over å vere ute me ønskjer å ta vare på.
Våre produkter
Gå ut og nyt regnet!
Dette trur me på! For regn kan vere fantastisk og me drøymer om at fleire skal bli like glade i regnet som oss! Her på Vestlandet er me vane med vêr og vind. Dei sterke naturkreftene har forma både landskapet og menneska som bur her. Me har ein filosofi som følgjer oss i alt me gjer: «Me skal ut, uansett vêr. Det må me – for om me sit inne og ventar på sola, så blir me sittande.» Målet vårt er å laga regnklede som er behagelege å bruke og som toler brutalt vestlandsvêr. Me er ein av få regntøyprodusentar i Noreg som både sveisar saumane og brukar heilt vanntett PU-materiale. Resultatet er klede som held små og store tørre – uansett vêr.
Blogg - Vår filosofiFra idé til ferdig produkt
Design
Alt startar med ein idé – og med eit spørsmål: Korleis skal dette plagget brukast i kvardagen? Me designar med utgangspunkt i rørsle, komfort og funksjon, slik at plagga fungerer like godt i barnehagen som på tur eller på veg til jobb. Samstundes ønskjer me eit uttrykk som er tidlaust og lett å kjenne att. God design skal ikkje følgje trendar – den skal tåle både tid og bruk.
Utvikling
Når designet er klart, startar den grundige utviklinga. Materiale, passform og detaljar blir testa og justerte heilt til me er nøgde. Små endringar kan utgjere stor forskjell når plagget skal brukast kvar dag. Målet er alltid det same: å finne den rette balansen mellom design, slitestyrke, komfort og funksjon.
Produksjon
Produkta våre blir utvikla i tett samarbeid med nøye utvalde produsentar som deler krava våre til kvalitet og ansvarleg produksjon. Gjennom god dialog og tett oppfølging sikrar me at kvar detalj blir slik me ønskjer. For oss handlar produksjon ikkje berre om å lage klede – men om å lage klede som varer.
Ferdig produkt
Eit Kattnakken-plagg er først ferdig når det er klart for ekte kvardagseventyr. Det skal tåle regn, leik, aktivitet og mange sesongar med bruk. Me ønskjer ikkje å lage klede som blir liggjande i skapet, men favorittplagg som blir brukte, reparerte og gjerne går i arv. Det er den beste kvalitetskontrollen me kan få.

Historia bak barnekolleksjonane
Kreativitet står sentralt i utviklinga av Kattnakken. Kvart år utviklar gründer og kreativ leiar Silje Vatne Ersland ein ny barnekolleksjon med eigne fargar, mønster og figurar. Arbeidet startar ofte med skisser, idear og inspirasjon frå kvardagen. Eit dikt skrive av Silje er ein del av prosessen og er med på å forme historia bak kolleksjonen. Dikta er inspirerte av tankar, opplevingar og ting som opptar henne i livet, og legg retninga for fargar, mønster og detaljar. Slik blir idear gradvis utvikla til plagg som kombinerer funksjon, kvalitet og Kattnakken sitt unike uttrykk.
Kolleksjon Superkatten 2026
Fokus på kvalitet og levetid
Me lagar produkt med omtanke for både bruk, kvalitet og levetid. For oss handlar det ikkje om å lage mest mogleg, men om å lage ting me kan stå inne for – også etter mange år med bruk. Me er opptekne av korleis produkta fungerer i kvardagen, ikkje berre korleis dei ser ut i utstillingsvindauget. Gode løysingar oppstår når form, funksjon og materialval spelar på lag. Derfor legg me stor vekt på detaljar, passform og heilskap i alt me gjer. Ambisjonen vår er å skape produkt som blir brukte, ikkje bytte ut.
Laga for å vara