Vilkår for bruk

 

Når du bestiller hos oss, stadfestar du at:

  • Alle opplysningar du oppgir er korrekte, oppdaterte og fullstendige. Betalingsmiddelet du nyttar er ditt eige, og det er dekning på kontoen til å dekke betalinga av ordren.
  • Tollgebyr og importavgifter utanfor fastlands-Noreg skal betalast av kjøparen. For norske kundar er moms inkludert i prisen.
  • E-postadresse og telefonnummer kan om ønskelig brukast som eit kommunikasjonsmiddel til varsling og fakturering.
  • Me er ikkje ansvarlege for forseinking eller manglande levering dersom utferdar av betalingskortet nektar å godkjenne betalinga til Kattnakken.
  • Du er framleis ansvarleg dersom nokon andre brukar innkjøpskontoen din og/eller personlege opplysningar, med mindre du kan bevise at slik bruk var uredelig.


Ansvarsfraskrivelse

Eventuelle feil på nettsida vår er utilsikta, og me beklagar dersom noko informasjon er unøyaktig. Me tek atterhald om retten til å rette opp feil og oppdatere produktinformasjon til ei kvar tid, også etter at du har lagt inn bestilling. Me tek òg atterhald om retten til å endre produktspesifikasjonar og prisar når som helst.

Kattnakken er ikkje erstatningsansvarleg for skadar som oppstår ved feilbruk eller uvøren bruk av vara. Skjermen og fargeevna til dataskjermen din vil påverke fargane du faktisk ser på nettsida. Vi er ikkje ansvarlege for avgrensingar ved di dataskjerm, og kan ikkje garantere at skjermen si vising av fargar, tekstur eller detaljar på varer er heilt nøyaktig.

Kunden er sjølv ansvarleg for å ha fylt inn korrekt adresse, e-post og mobilnummer slik at sendinga skal nå fram. Dersom kunden har oppgitt feil opplysningar eller ikkje hentar pakken innan fristen PostNord har sett, og bestillinga vert sendt i retur til Kattnakken, må kunden betale straffeportoen Kattnakken vert pålagt av PostNord (kr 149,-).

Kampanjar og Gåvekort

Rabattkupongar kan ikkje brukast på salgsvarer eller produkt som allereie er rabatterte.
Gåvekort kan berre bytast mot varer som er oppført på nettsida vår, og kan berre brukast éin gong.
Kattnakken erstattar ikkje tapte, stolne, bortkomne eller skada gåvekort.

Salgsvarer vert ikkje byta.

Byte og retur

Gratis byte gjeld kun om ein byter farge/storleik på same produkt. Om ein vil byte frå eit produkt til eit anna, må ein returnere og legge ny bestilling. Kunden er sjølv ansvarleg for returfrakt (kr. 69) ved nytte av angrerett. 

Feil eller mangel

Dersom du mottek varer som ikkje samsvarer med det du har bestilt, eller som er skada/defekte, vil me erstatte dei eller refundere beløpet du har betalt. Dette må meldast ved å sende ein e-post innan rimeleg tid etter at du har motteke varene. Skada eller feilaktig leverte varer må returnerast til oss (med mindre me informerer om at retur ikkje er naudsynt). Returnerte varer må vere ubrukte, ha alt tilbehør og etikettar, og vere i originalemballasjen. Kostnaden for returporto vil bli dekka av Kattnakken.

Angrerett

Angrerettlova gjeld ved alle kjøp forbrukarar gjer i Kattnakkens nettbutikk. Eit lovpålagt angrerettskjema er vedlagt i epost-stadfestinga kunden mottek ved bestilling, og angreretten er på 30 dagar. I denne perioden kan du utan forpliktingar sende tilbake varene du har motteke. Merk følgjande utdrag frå angrerettlova:
«Angrerettlova gjeld berre ved forbrukarkjøp. Angreretten kan difor ikkje nyttast av firma eller andre som har handla som ledd i næringsverksemd (jf. Angrerettlova § 6, punkt e).»
Angreretten gjeld ikkje dersom vara ikkje kan leverast tilbake i same stand og mengd, og skaden eller forringinga skuldast aktløyse eller manglande omsorg frå forbrukaren si side (jf. Angrerettlova § 12, punkt a).
Returkostnadene skal berast av forbrukaren (jf. Angrerettlova § 15, første ledd).

Ved bruk av angrerett kan ikkje varene vere brukte, og originalemballasjen og merkelappar som «hang-tags» må ikkje vere fjerna frå produktet. Ved retur vil pengane bli refundert innan 14 dagar etter at vi har motteke returvarene.

Kundeklubb

Som nytt medlem i Kundeklubben er du sjølv ansvarleg for å leggje inn rabattkoden for første kjøp. Dersom du ikkje gjer det før ordren er sendt, vil ikkje rabatten bli refundert.

Kortkjøp

Ved kortbetaling samarbeider me med ein autorisert betalingsformidlar som hjelper oss med å kontrollere at kortet er gyldig for kjøp direkte mot banken din. Betalingsformidlaren vår handterer kortinformasjonen på korrekt vis i samsvar med den internasjonale sikkerheitsstandarden PCI DSS, som kortselskap som VISA, MasterCard, Diners, American Express og JCB står bak.
Det same gjeld betaling via Vipps/MobilePay/ApplePay: Dette inneber at kortopplysningane dine vert handterte på ein særs trygg måte. Når du handlar med kort, tek me atterhald om retten til å gjennomføre ein personkontroll.

Ansvar og opphavsrett

Det er ikkje tillate å bruke materiale, tekst eller bilete frå Kattnakken utan eksplisitt samtykke frå rettshavar. I tilfelle der enkeltpersonar kan knytast til bileta, må dei avbilda òg ha gitt samtykke til vidare bruk. Dersom du nyttar materiale som er verna av opphavsrett utan løyve, kan du bli erstatningspliktig.

Innhaldet på denne nettsida er opphavsrettsleg verna og tilhøyrer Kattnakken AS. Dersom du ønskjer innsyn i dine personopplysningar, kontakt Kattnakken AS skriftleg på følgjande e-postadresse: post@kattnakken.no

Sjå personopplysningslova for meir informasjon.

Minstealder

For å handle hos Kattnakken må du vere over 18 år.

Kattnakken godtek ikkje større partioppkjøp for videresalg privat

Ved mistanke om slike partihandlar på kattnakken.no for vidare sal vil ordren bli kansellert.

-

Dei ovanfor nemnde vilkåra kan endrast når som helst og utan varsel. Det er ditt ansvar å sjekke desse vilkåra jamleg før du bestiller produkt, i tilfelle det har skjedd endringar.