Barnehagestart

Vinddressen til dei minste

Juni 2025

16-9 1462 Vinddress baby-10.jpg
Når bornet skal byrja i barnehagen, er det ikkje berre regnvêrsdagane ein må tenkje på. Vêret i Noreg er skiftande – og mykje av tida er det verken strålande sol eller øs pøs-regn, men noko midt i mellom. Det er nettopp då vinddressen kjem til sin rett.

Perfekt for “ikkje heilt regn, men litt vått”

Ein god vinddress gir barnet beskyttelse i lett regn, kald vind og duggvått gras – utan at det blir for varmt. Dette er spesielt viktig om våren og hausten, når vêret svingar frå morgon til ettermiddag.

Små barn som sit stille på bakken, krabbar i graset eller leikar i sandkassa treng ein dress som held fukt og vind ute – sjølv om det ikkje regnar skikkeleg.
Små barn som sit stille på bakken, krabbar i graset eller leikar i sandkassa treng ein dress som held fukt og vind ute – sjølv om det ikkje regnar skikkeleg.

Utvikla for dei minste

Baby Vinddress frå Kattnakken er designa for barn i str. 68–92 – altså perfekt frå første barnehagedag og opp til ca. 2 år. Dressen har:

  • Mjuk, vindtett og vannavvisande kvalitet i resirkulert Oxford polyester
  • 12 000 mm synkande vannsøyle og tapede saumar for lett regn og fukt
  • Pustande eigenskapar – for å unngå klam varme
  • Avtagbar og justerbar hette – med refleks for tryggleik
  • Refleksar på armar, hette og rygg
  • Lomme på brystet – perfekt til smokk eller små skattar
Ei praktisk brystlomme gir plass til små skattar.
Ei praktisk brystlomme gir plass til små skattar.

Praktisk i kvardagen

Kle barnet i ull eller fleece under på kalde dagar, og du har ein allsidig dress som passar til alt frå trilleturar og sovestunder til sandkasseleik og små utforskingar i barnehagen. Når regnet blir meir intenst, bytter du enkelt til babyregndressen.Les om babyregndressen her.

Vindressen er ein allsidig dress som passar til alt frå trilleturar, sovestunder i barnehagen til søndagsturen for å mate endene.
Vindressen er ein allsidig dress som passar til alt frå trilleturar, sovestunder i barnehagen til søndagsturen for å mate endene.

Vask og vedlikehald

Vinddressen er lett å halde rein – og når du merkar at vannavvisinga minkar, kan du bruke ein mild impregneringsvask for å fornye eigenskapane. Slik held dressen seg fin – lenge.

Les meir om den naturlege impregneringa me nyttar på vinddressen.

Vinddressen har det me kallar fallande vannsøyle. Når du merkar at vannavvisinga minkar, kan du bruke ein mild impregneringsvask for å fornye eigenskapane.
Vinddressen har det me kallar fallande vannsøyle. Når du merkar at vannavvisinga minkar, kan du bruke ein mild impregneringsvask for å fornye eigenskapane.

Vinddressen er det perfekte mellomplagget

Når det ikkje er regntøydag, men heller ikkje sol og tørt gras – då er det denne dressen du vil ta fram. Han gjer barnehagedagen komfortabel, tørr og trygg for dei minste, utan for mykje eller for lite.

Baby Vinddress frå Kattnakken er designa for barn i str. 68–92 – altså perfekt frå første barnehagedag og opp til ca. 2 år.
Baby Vinddress frå Kattnakken er designa for barn i str. 68–92 – altså perfekt frå første barnehagedag og opp til ca. 2 år.

Velg mellom 4 ulike variantar

I 2026 kolleksjonen kan du velge mellom 4 ulike variantar. 2 med nøytralt designet og 2 med superkattenmønster.

For 2026 kan du velge mellom 4 ulikevariantar. Her ser du fragen Blå Horisont med det artige superkattenmønsteret.
For 2026 kan du velge mellom 4 ulikevariantar. Her ser du fragen Blå Horisont med det artige superkattenmønsteret.
no-nn