Forsterkar laget med klesdesigner Kristine Bruvik Vikse
Juni 2026
Det skjer mykje i Kattnakken om dagen, og no er me stolte av å ønskje Kristine Bruvik Vikse velkomen inn i laget som ny designer.
Kristine har over 30 års erfaring frå tekstilbransjen og har arbeidd breitt med design, produksjon og kolleksjonsutvikling. Mange kjenner henne som gründeren bak MeMini, men det som imponerer oss aller mest er den solide erfaringa hennar med å utvikle produkt frå den første idéen til ferdige plagg ute i butikk.
Vår gründer og eigar Silje Vatne Ersland og dagleg leiar Nicholas Hoddevik legg ikkje skjul på at dette er ei viktig tilsetjing for Kattnakken:
– Me kjenner Kristine frå før, og veit kva me får: kvalitet, erfaring, kommersiell teft og eit menneske som passar inn hos oss både fagleg og sosialt.
Ei viktig styrking av designteamet
Hos Kattnakken handlar design om mykje meir enn fargar og mønster. Kvart plagg skal fungere når regnet piskar sidelengs, når borna hoppar i søledammar eller når små og store er ute på tur i ruskevêr.
Det er nettopp denne kombinasjonen av funksjon, kvalitet og gjennomtenkte detaljar som gjer at Kristine passar så godt inn hos oss.
Ho deler den same filosofien som resten av teamet: Produkta skal vere laga for å bli brukte – og laga for å vare.
Kattnakken veks
Kattnakken er inne i ei spennande utvikling med nye satsingar, vidare vekst og stadig større aktivitet innan design og produktutvikling. Derfor kjem Kristine inn på eit viktig tidspunkt.
Som Nicholas sjølv seier det:
– Det skjer mykje i Kattnakken no. Me veks fort, og det er høgt trykk på design- og produktutviklinga. Då er det gull verdt å få inn ein kapasitet som Kristine.
Med hennar erfaring får me endå sterkare kompetanse innan kolleksjonsutvikling og produktdesign – noko som kjem både kundane og framtidige Kattnakken-kolleksjonar til gode.
Klar for nye eventyr
Me er stolte over å få Kristine med på laget, og gler oss til å utvikle nye produkt som kombinerer funksjon, kvalitet og regnglede for små og store.
Velkomen til Kattnakken, Kristine!
