Me er på flyttefot – og me gler oss!
Juni 2026
Det skjer mykje i Kattnakken om dagen.
Dei siste månadene har vore prega av flyttekassar, truckar, robotar, teikningar og byggeaktivitet – alt medan kvardagen har gått som normalt og tusenvis av regnklede har funne vegen ut til kundane våre.
No er den første store milepælen nådd: PIO robotlageret er flytta til den nye lokasjonen på Heiane og er allereie i full drift.
Rom for nye idéar
Kattnakken har vakse mykje dei siste åra, og til slutt vart dei gamle lokala rett og slett for små.
Me trong meir plass til både lager, produktutvikling, butikk og menneska som kvar dag jobbar for å skape gode opplevingar for kundane våre.
Eigar, Gründer og Kreativ leiar Silje Vatne Ersland fortel at det var kjærleik ved første blikk då ho såg bygget på Heiane.
No blir det eit heilt nytt samlingspunkt for Kattnakken, med større lagerkapasitet, nye kontor, showroom og ein endå større lagerbutikk.
Robotane har flytta først
Flyttinga av robotlageret var kanskje den mest spennande delen av prosjektet.
Heile robotlageret måtte demonterast, flyttast og byggjast opp att – utan at det skulle gå ut over leveringane til kundane våre.
Heldigvis gjekk prosessen nesten smertefritt, og no er robotane tilbake i full aktivitet på den nye adressa.
Det er me veldig glade for.
Snart flyttar resten av gjengen inn
Rett over sommaren flyttar lagerbutikken inn i dei nye lokala, medan kontorgjengen følgjer etter utover hausten. Samtidig byggjer handverkarane for fullt for å gjere alt klart.
Det blir nye arbeidsplassar, nye møteplassar og betre rom for å utvikle framtidas Kattnakken-produkt.
Klar for neste kapittel
Flyttinga handlar ikkje berre om fleire kvadratmeter.
Ho handlar om å skape plass til nye idéar, vidare vekst og endå betre opplevingar for kundane våre.
Me kjem til å ta dykk med bak kulissane undervegs og dele glimt frå både flytteprosessen og livet i dei nye lokala.
For sjølv om adressa endrar seg, er filosofien den same:
Me skal lage regnklede som varer – og inspirere små og store til å gå ut og nyte regnet.
