Livet i Kattnakken

Nynorsk næringslivspris 2025 til Kattnakken

Juni 2026

For oss handlar nynorsk om mykje meir enn språk. Det handlar om identitet, røter og om å vere ekte.

Derfor er me både stolte og audmjuke over å ha blitt tildelt Nynorsk næringslivspris 2025 frå Noregs Mållag. Juryen trekkjer fram at Kattnakken viser korleis nynorsk kan kombinerast med suksess i næringslivet gjennom bruk av nynorsk på nettsider, merkelappar, i sosiale medium og i all kundekommunikasjon.

Språket vårt er ein del av Kattnakken

Heilt sidan starten i 2013 har me halde fast ved nynorsken. I ei tid der mange vel den enklaste vegen, har me valt å vere tru mot opphavet vårt.

For oss kjem dette heilt naturleg. Me kjem frå Vestlandet, der regnet er ein del av kvardagen og nynorsken ein del av identiteten. Språket vårt fortel kven me er – like mykje som dei glade fargane, det vasstette regntøyet og filosofien vår om å nyte regnet.

Ei stor ære

Det var gründer, eigar og kreativ leiar Silje Vatne Ersland som tok imot prisen på vegner av Kattnakken.

– Denne prisen betyr utruleg mykje for oss. Nynorsk har vore ein naturleg del av Kattnakken heilt sidan starten, og me har aldri sett på det som eit strategisk val – berre som den mest ærlege måten å vere oss sjølve på. At dette no blir løfta fram og verdsett, er eg både stolt og takksam for, seier Silje.

Ho understrekar at prisen eigentleg er ei anerkjenning av alle som har vore med på reisa.

– Takk til alle kundane våre som har lese, handla og kommunisert med oss på nynorsk gjennom alle desse åra. De har vist at det går an å byggje ei sterk merkevare utan å gi slepp på språket eller identiteten sin.
Frå venstre: Juryleiar Monika Haanes Waagan og prismottakar frå Kattnakken Silje Vatne Ersland. (Foto: Tonje Thorstad Kildal/Noregs Mållag)
Frå venstre: Juryleiar Monika Haanes Waagan og prismottakar frå Kattnakken Silje Vatne Ersland. (Foto: Tonje Thorstad Kildal/Noregs Mållag)

Eit ærleg uttrykk

I grunngivinga frå juryen blir nynorsken omtalt som ein del av Kattnakken sitt «ærlege uttrykk». Juryen peikar på at språket skaper stoltheit og viser at nynorsk har ein naturleg plass også i moderne næringsliv.

Det treff oss midt i hjartet.

For me har aldri brukt nynorsk fordi me måtte. Me har brukt nynorsk fordi det er slik me snakkar, tenkjer og kommuniserer. Det er slik Kattnakken høyrest ut.

Bak språket står også ein dedikert marknadsavdeling der alle er oppvaksne på øya Stord. Saman jobbar me kvar dag for å ta vare på den vestlandske identiteten vår – både i små produkttekstar, store kampanjar og i alle møta me har med kundane våre. For oss er nynorsken ikkje berre eit språk, men ein viktig del av merkevara og historia me ønskjer å fortelje.

Det beste med gode nyheiter? Å dele dei med menneska du skaper dei saman med. Feiring av Nynorsk næringslivspris 2025 rundt lunsjbordet hos Kattnakken.
Det beste med gode nyheiter? Å dele dei med menneska du skaper dei saman med. Feiring av Nynorsk næringslivspris 2025 rundt lunsjbordet hos Kattnakken.

Ei utmerking for heile laget

Prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet som blir lagt ned kvar dag – frå produktutvikling og design til kundeservice, nettbutikk, sosiale medium og marknadsføring.

Bak kvart produkt, kvar tekst og kvar kampanje står menneske som ønskjer å vere tru mot både identiteten vår og kundane våre.

Me trur at ekte historier, ekte språk og ekte kvalitet heng saman.

Denne utmerkinga er derfor ikkje berre ei anerkjenning av Kattnakken som merkevare, men av alle menneska som kvar dag vel å skrive, snakke og kommunisere på nynorsk – og som viser at språket høyrer heime også i moderne næringsliv.

Prisen fekk heidersplassen på lunsjbordet då me samla oss for å feire ei utmerking som betyr mykje for heile Kattnakken. Tusen takk til Noregs Målag som gav oss ei nydeleg kake til å dele.
Prisen fekk heidersplassen på lunsjbordet då me samla oss for å feire ei utmerking som betyr mykje for heile Kattnakken. Tusen takk til Noregs Målag som gav oss ei nydeleg kake til å dele.

Tusen takk til Noregs Mållag for utmerkinga – og takk til alle som er med og held nynorsken levande saman med oss.

Nyt regnet. Nyt nynorsken!

no-nn