Steinbra tall frå Finn.no
Juni 2026
Nokre nyheiter gjer oss ekstra stolte. Denne er ei av dei.
Frå september 2024 til september 2025 vart Kattnakken det mest søkte ordet i kategorien barneklær på FINN.no, med over 200 000 søk.
Det er eit tal me måtte lese to gonger.
Kva fortel eigentleg desse tala?
For oss handlar dette om mykje meir enn synlegheit.
Det fortel at stadig fleire foreldre kjenner til Kattnakken, stoler på produkta våre og aktivt leitar etter oss når dei skal kjøpe regntøy til barna sine.
Det fortel også at Kattnakken har blitt eit kvalitetsstempel. Litt slik som når ein leitar etter eit bruktprodukt og søkjer på eit merke ein veit held mål. Det er ein tillit me er både audmjuke og stolte over å få.
Laga for å vara
Samtidig seier desse tala noko som ligg hjartet vårt ekstra nær.
Mange av søka på FINN handlar om brukte Kattnakken-plagg. Regntøy som har vore med eitt barn gjennom barnehageåra, og som no er klare for nye eventyr hos neste eigar.
Det er akkurat slik me ønskjer at produkta våre skal leve.
Filosofien vår har alltid vore Laga for å vara. Me trur det mest berekraftige plagget er det som blir brukt lenge, reparert når det trengst og går i arv frå barn til barn.
Når Kattnakken blir søkt opp på bruktmarknaden, ser me at denne tanken fungerer i praksis.
Dette skaper me saman
At Kattnakken er det mest søkte merket i kategorien barneklede på FINN, er ikkje noko me har fått til åleine.
Det er de som kjøper, brukar, reparerer, arvar vidare og sel plagga vidare som gjer dette mogleg.
Kvar gong eit regnsett eller ein regndress får eit nytt liv hos eit nytt barn, blir historia litt lengre – og miljøavtrykket litt mindre.
Det er me utruleg takksame for!
Takk til alle som kjøper, brukar, arvar og sel vidare Kattnakken.Desse tala på FINN viser kva vi skapar saman!
