Slitestyrke enkelt forklart - Kva er Martindale?
Juni 2026
Når du kjøper regntøy til barnet ditt, er det lett å sjå seg blind på vannsøyla. Men visste du at slitestyrke ofte er minst like viktig? For kva hjelper det med eit vanntett plagg dersom stoffet slitnar etter ein sesong med aking, klatring og leik i sandkassa? Hos Kattnakken er slitestyrke noko me legg stor vekt på. Derfor testar me alle stoffa våre grundig før dei blir til regntøy.
Kva er Martindale?
Martindale er den mest brukte metoden for å måle slitestyrke på tekstilar. Testen har vore brukt i mange tiår og er oppkalla etter oppfinnaren, den britiske ingeniøren Dr. J. G. Martindale.
I dag blir Martindale brukt til å teste alt frå møbelstoff og tepper til ytterklede og regntøy.
Kort fortalt viser testen kor mykje slitasje eit stoff toler før det byrjar å bli øydelagt.
Korleis blir stoffet testa?
I testen blir ein liten rund stoffprøve festa i ei maskin og gnegen mot eit standard slitestoff under konstant trykk.
Maskina held fram med å gni stoffet fram og tilbake heilt til materialet slitnar.
Hos Kattnakken testar me heilt til PU-laget får hol, sidan det er det som avgjer kor lenge regntøyet held seg tett.
Jo fleire rundar stoffet toler, desto meir slitesterkt er det.
Kvifor er dette viktig?
Små barn brukar regntøyet på ein heilt annan måte enn vaksne.
Dei kryp, sit på asfalt, sklir ned sklier, klatrar på steinar og rullar rundt i søla. Då blir stoffet utsett for mykje friksjon kvar einaste dag.
Derfor meiner me at slitestyrke er ein av dei viktigaste eigenskapane eit godt regnplagg kan ha.
Me testar stoffa våre sjølve
For å vere heilt sikre på kvaliteten har me brukt fleire dagar på testlaboratorium og køyrt Martindale-testar på eigne stoff.
Det gir oss tryggleik for at produkta held den standarden me ønskjer å levere.
Når me oppgir høge Martindale-verdiar på produkta våre, er det fordi dei faktisk er testa.
Slitestyrke handlar også om levetid
Eit slitesterkt plagg toler meir enn berre leik.
Det toler også fleire vask, meir bruk og kan ofte gå i arv til småsøsken eller seljast vidare når barnet har vakse frå det.
Det er bra både for lommeboka og miljøet.
Hugs dette
Sjølv det mest slitesterke stoffet kan få hol dersom barnet er uheldig og kjem borti ein skarp stein eller grein. Ingen tekstilar er uslitelege.
Martindale fortel kor godt stoffet toler vanleg dagleg slitasje, ikkje skadar frå skarpe gjenstandar.
Eit lite tips til slutt
Vask slit mest på klede.
Difor anbefaler me å vaske regntøy berre når det faktisk trengst. Ofte held det å tørke av med ein klut eller skylle bort skiten.
Det gir lengre levetid på plagget – og fleire år med leik i regnet.
