Vannsøyle enkelt forklart
Juni 2026
Eit av spørsmåla me får oftast er: “Kva er eigentleg vannsøyle?” Vannsøyle er eit ord som blir brukt mykje når ein snakkar om regnklede, men det er ikkje alltid like lett å forstå kva det betyr i praksis. Derfor bad me produktutviklar og gründer Silje Vatne Ersland forklare det så enkelt som mogleg.
Silje vil beskriv dette på føljande måte:
For å få til ei enkel forklaring vil eg skilje mellom to heilt ulike typar regnklede, fra vår eigen kolleksjon:
- Vindjakken som er eit teknisk yttertøy/skallplagg
- Yr Regnsettet som er eit PU-regntøy
Desse plagga held regnet ute på to heilt forskjellige måtar.
Teknisk regntøy pustar – men har ei grense
Ei teknisk jakke eller ei skalljakke som vindjakken vår er laga av eit vevd stoff med ein membran på innsida. Membranen slepper fukt frå kroppen ut, samtidig som den skal halde regnet ute.
Det høyrest nesten magisk ut, men det finst ei grense.
For at luft og fukt skal kunne sleppe ut gjennom membranen, finst det mikroskopiske opningar. Når regnet blir kraftig nok, eller du sit lenge på vått underlag, vil vatnet etter kvart finne vegen inn gjennom desse.
Det er dette vannsøyla fortel oss: Kor mykje vasspress stoffet toler før vatnet kjem gjennom.
Jo høgare vannsøyle, desto betre tåler plagget regn.
Men det finst eit lite paradoks:
Jo tettare membranen blir, desto mindre pustande blir plagget.
Derfor handlar utvikling av tekniske plagg om å finne den rette balansen mellom pusteevne og vannbeskyttelse.
Vannsøyla blir gradvis redusert
På tekniske plagg blir impregneringa og membranen sliten gjennom bruk og vask.
Det er derfor mange produsentar oppgir både vannsøyle som ny og etter fleire vask.
Impregnering kan fornyast med impregneringsvask, og me anbefaler alltid å velje ei miljøvennleg løysing.
Eit regntøy laga i PU er heilt vanntett i seg sjølv
PU-regntøy som f.eks YR Regnsettet vårt fungerer på ein heilt annan måte
Eit regnsett i PU kan eigentleg ikkje samanliknast med eit teknisk regntøy som vindjakka vår.
Her er sjølve PU-laget heilt vanntett. Det finst ingen pustehol som vatnet kan trenge gjennom.
Det betyr at PU-regntøyet som f.eks Yr Regnsettet vårt:
- treng ikkje impregnerast på nytt
- mistar ikkje vannsøyla gjennom vanleg vask
- held seg tett så lenge stoffet ikkje blir slitt eller får hol
Her er det først og fremst tjukkelsen på PU-laget og styrken i baksidestoffet som avgjer kor høg vannsøyle plagget har.
Tenk på det slik
Silje pleier å samanlikne det med to ulike dukar på kjøkkenbordet.
Ein gammaldags voksduk er heilt tett. Vatnet prellar av, og duken held seg tett sjølv om du vaskar han mange gongar.
Ein teflonbehandla stoffduk avviser også vatn, men fordi stoffet er vevd, kan det etter kvart sleppe gjennom fukt. Samtidig blir behandlinga gradvis sliten av ved bruk og vask.
Slik er forskjellen mellom PU-regntøy og tekniske skallplagg.
Kvifor har Kattnakken så høg vannsøyle?
Når me testar PU-regntøyet vårt, ser me at stoffet faktisk kan sprekke før vatnet kjem gjennom.
På dei kraftigaste PU-kvalitetane våre ligg vannsøyla heilt oppe på 30 000 mm.
På lettare PU-kvalitetar byrjar det å kome litt fukt gjennom ved rundt 10–15 000 mm, akkurat slik materialet er utvikla for.
Kva bør du sjå etter når du kjøper regnklede?
I Noreg blir klede med over 2 000 mm vannsøyle rekna som vanntette.Du kan derfor vera heilt trygg på at PU regntøyet vårt held 100% tett så lenge sjølve stoffet ikkje er skada eller for slitt.
Men, vannsøyla er berre ein del av historia.
Me anbefaler også å sjå etter:
- Sveisa eller teipa saumar
- God slitestyrke
- Materiale som passar bruken
- Riktig vedlikehald
For eit plagg med høg slitestyrke og gode saumar vil ofte halde barnet tørrare gjennom mange år enn eit plagg med høg vannsøyle åleine.
Vårt råd? Sjå alltid på heilskapen – ikkje berre talet på vannsøyla.



