Panneband Merinoull
BARN

Panneband Merinoull

UOT-1235 Midnatt

Mjukt og behageleg panneband i merinoull som held øyrene varme utan at barnet blir for varmt. Perfekt til leik og aktivitet på kjølege dagar – med refleksauge som lyser opp i mørket.

249 NOK
Velg farge: Midnatt
Velg størrelse:
Leikar godt saman med
Fraktfritt på kjøp over 1000 kr
30 dagar ope kjøp
Gratis retur ved bytte av størrelse
Kun 69 kr i returkostnad - rask og enkel retur
Bli med i kundeklubben og få 10 % rabatt

Beskrivelse

Når lua blir litt for varm, men øyrene framleis treng varme, er pannebandet eit perfekt alternativ. Det passar godt til aktive barn på kjølege dagar – enten det er leik i barnehagen, skulekvardagen eller tur med familien.

Merinoulla gir naturleg varme samtidig som ho pustar og regulerer temperaturen. Det gjer pannebandet behageleg å bruke når aktivitetsnivået aukar og barnet blir varmt.

Den mjuke merinoulla kjennest god mot huda, medan den gjennomarbeidde passforma sørgjer for at pannebandet sit stødig utan å stramme – også når tempoet er høgt.

Refleksauga lyser opp i mørket og gir betre synlegheit, samtidig som dei tilfører ein liten Superkatten-detalj som gjer pannebandet ekstra kjekt å bruke.

Uslåeleg kvalitet Laga for ein aktiv kvardag
Norsk design Designa på Vestlandet
Trygg og miljøvennleg Ansvarlege val

Eigenskapar

Materiale
  • Merinoull
Ytelse
  • Behageleg passform
  • Fukttransporterande
  • Temperaturregulerande
Funksjon
  • Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
  • Lanolinfri
Produktpleie
  • Formast etter vask og tørkast flatt
  • Ullprogram 30 °C
  • Ullvaskemiddel

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Eskimo Oeko-tex Klasse 2 Barn/Junior/Vaksen
Reparasjon- og vask

Reparasjon- og vask

Slik tar du best vare på tøyet Les meir
no-nn