Samfunnsansvar

Slik tar du best vare på regntøyet

September 2024

Vårt mål er tre born per Kattnakken-plagg, minst. For oss handlar kvalitet om å lage plagg som kan brukast lenge, reparerast når det trengst og gå i arv til nye eventyrarar.Med litt vedlikehald og rett metode for vask, kan du bidra til å forlenge levetida endå meir. Det er bra for både lommeboka og miljøet.

Reparer – ikkje kast

Små skadar treng ikkje bety slutten på eit plagg.

Me har laga ein serie korte reparasjonsvideoar som viser korleis du enkelt kan bytte fotstrikkar, reparere små skadar og gi regntøyet nytt liv.

Sjå reperasjonsvideoane våre her.

Sjå video i link over. Her har me samla ei rekkje reperasjonsvideoar som viser korleis du enkelt kan få til reperasjonen sjølv. Scroll til bunn i innlegget for oversikt over ekstradeler.
Sjå video i link over. Her har me samla ei rekkje reperasjonsvideoar som viser korleis du enkelt kan få til reperasjonen sjølv. Scroll til bunn i innlegget for oversikt over ekstradeler.

I nettbutikken finn du fleire reservedelar som er enkle å bytte sjølv. Treng du råd, er du sjølvsagt velkomen til å kontakte oss.

I nettbutikken sel me alt du treng av vedlikehaldsdeler for å reparere Kattnakkenregntøyet ditt sjølv. Scroll til bunn i innlegget for oversikt over ekstradeler.
I nettbutikken sel me alt du treng av vedlikehaldsdeler for å reparere Kattnakkenregntøyet ditt sjølv. Scroll til bunn i innlegget for oversikt over ekstradeler.

Kanskje er det nettopp dette plagget som skal gå vidare til eit småsøsken eller ein ny liten eigar?

Reperasjonslappen vår er ekstremt sterkt og svært elastisk og er ingen midlertidig løysing, det er ein permanent reparasjonsløysing for regntøy! Me lovar at den held heilt tett i lang tid om du følger instruksjonen som følger med i pakken. Scroll til bunn i innlegget for oversikt over ekstradeler.

Slik vaskar du regntøy

Regntøy treng ikkje vaskast etter kvar tur.

Ofte held det lenge å tørke av med ein fuktig klut eller skylje bort skiten. Det sparer både plagget og miljøet.

Når regntøyet treng vask, anbefaler me:

  • 40 grader finvask eller yttertøyprogram
  • Flytande vaskemiddel
  • Ikkje bruk tøymjuknar
  • Ikkje bruk ullvaskemiddel
  • Slå av sentrifugering

Sentrifugering slit unødvendig på PU-materialet og kan over tid redusere levetida på plagget.

Etter vask vrenger du plagget og heng det opp til drypptørk.

Sjå Silje sin beste vasketips her

Sjå video i link over.
Sjå video i link over.

Hugs dette

Har regntøyet blitt vått ute, er det viktig å henge det opp med ein gong.

PU-materiale likar ikkje å ligge vått samanbretta over tid, til dømes i ein pose eller sekk. Brett også ned oppbretta ermer slik at heile plagget får tørke skikkeleg.

Slik tek du vare på ull

Ull er eit fantastisk naturmateriale som held barnet varmt sjølv om det blir fuktig.

Vask ull på 30 grader ullprogram med ullvaskemiddel, og unngå tørketrommel.

Me anbefaler eit mildt ullvaskemiddel utan lanolin. Ull blir faktisk reint allereie på 30 grader fordi fiberen opnar seg og slepper skiten.

For å ta ekstra godt vare på ullplagga anbefaler me:

  • Vask ull for seg sjølv
  • Lukk glidelåsar og borrelås
  • Bruk vaskepose på plagg med glidelås
  • Kontroller vaskemaskina for småstein og andre skattar som kan lage hol

Det gir ullplagga lengre levetid og held dei mjuke og fine.

Bomull

Bomullsplagg vaskast på 40 grader saman med liknande fargar.

Unngå skyllemiddel, og bruk tørketrommel med måte dersom du vil ta best mogleg vare på plagget.

Små grep som gjer stor forskjell

Det mest miljøvennlege plagget er ofte det du allereie eig.

Ved å reparere når noko går sundt, vaske skånsamt og ta godt vare på kleda, kan dei vare i mange år – og kanskje gå i arv til fleire barn.

Det er akkurat slik me ønskjer at Kattnakken-plagga skal bli brukte.

no-nn