Sydvest Superhelt 1453-Superrosa-1/3 år

299 kr

Valgt farge: Superrosa

Valgt storleik:

Tips! Bli ein ekte Superkatt – kjøp heile pakken med Plask Regnsett Superhelt , Regnvott Superhelt og dei stilige Dock Boot Superhelt.

Beskrivelse

Sydvest i mjuk PU med fleecefôr og refleksauge som lyser i mørket.
Held barnet tørt, varmt og godt synleg – perfekt for leik i øs pøs regnvêr.

Sydvest Superhelt kolleksjon «Superkatten 2026» - med eigne katteauge i refleks. Når regnet øser ned og oppdraga ventar, treng små superheltar rett utstyr. Sydvest Superhelt er laga for å halde hovudet tørt og varmt – samtidig som han gir det lille ekstra som gjer leiken endå kjekkare.

Ein del av Superkatten-universet 💥
I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar på superheltoppdrag. Inspirert av diktet «Ein superhelt», handlar kolleksjonen om leik, fart og fantasi i kvardagen. Her kan barna springe ut i regnet – klare for nye oppdrag, med superkrefter og refleksauge som lyser i mørket.

Sydvesten er laga i mjuk og slitesterk PU knit med sveisa saumar som held vatnet ute – sjølv når det øser og pøser. Han fungerer som eit lite tak i regnet og skjermer ansiktet for regndropar og vind.

Fleecefôr og øyreklaffar gir ekstra varme og komfort, slik at barnet held seg godt og varmt gjennom heile leiken. Samtidig sørgjer dei unike refleksauga for at barnet er ekstra godt synleg – både i mørke morgonar og på regntunge ettermiddagar.

Tips! Bli ein ekte Superkatt 😻
Kombiner med Regnsett Plask Superhelt, Regnvott Superhelt og dei stilige Dock Boot Superkatten – så er superheltantrekket komplett frå topp til tå 💥

Her kan små superheltar springe, sykle og utforske – tørre, varme og godt synlege heile vegen.

Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan (PU knit)
• Vannsøyle: 100% vanntett
• Vindtett
• Sveisa saumar
• Fleecefôr
• Øyreklaffar
• Refleksauge som lyser i mørket
• OEKO-TEX Standard 100


OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Oeko-Tex Logo

Produktmål for valgt størrelse

  • Omkrets: 52 cm i omkrets