
Nyheit 2026! Den populære bobleregnjakka Sludd kjem no i ein kort modell spesielt tilpassa dame, med eit meir feminint snitt. Vanntett, vindtett og lett vattert – perfekt til kvardagsbruk i regn og kjøleg vêr.
No har den korte bobleregnjakke fått ei meir feminin passform! I 2026 har me utvikla ein eigen damemodell av dei populære bobleregnjakkane våre, med eit meir feminint snitt og eit reint, moderne uttrykk.
Jakka er laga i 100 % vanntett PU-materiale, med vindtett kvalitet og sveisa saumar som held regn og ruskevêr ute. Den lette vatteringa gir lun varme utan at jakka kjennest tung eller klumpete.
Den korte modellen er enkel å style og passar like fint til jeans og boots som over kjole. Ei praktisk og komfortabel jakke som kombinerer god vêrbeskyttelse med ein feminin, urban stil.
Ein ny favoritt til kvardags!
Bobleregnjakke Kort Dame Sludd er laga for dagar der stil og funksjon skal spele på lag. Perfekt til jobb, byturar og kvardagsbruk gjennom kjølige og våte dagar. Ei jakke du enkelt kan slenge over antrekket når vêret skiftar.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

| Størrelse (cm) | XS | S | M | L | XL |
|---|---|---|---|---|---|
| 1.Armlengde | 84 | 86 | 88 | 89 | 90 |
| 2.Brystvidde | 108 | 114 | 120 | 128 | 136 |
| 3.Livvidde | 108 | 114 | 120 | 128 | 136 |
| 4.Rygglengde | 67 | 68 | 69 | 70 | 71 |
