Samfunnsansvar

Laga for å vara

September 2024

Det beste me kan gjere for miljøet er å kjøpe så lite som mogleg, men når du først skal kjøpe noko er det viktig at plagga er laga for å vare. I heile reisa frå skisse til ferdig produkt har auka haldbarheit topp prioritet hos oss.

Me ønskjer at klede skal gå i arv i søskenflokken. Det er heilt topp når småsøsken møter opp i barnehagen i arva regndress, og det som er enda betre er at det ikkje stoppar med minstemann. Folk sel regntøyet vårt vidare, og dette er det beste beviset me kan få på at eit plagg frå Kattnakken er laga for å vara.

Kolleksjon etter kolleksjon. År etter år. Me fekk tilsendt dette bildet frå ein barnehage. Der hang regntøy frå nesten heile Kattnakken-historia side om side på knaggerekka. For oss er dette den finaste bekreftelsen på filosofien vår: Laga for å vara.

Testing i labratorie

Kleda våre, spesielt bornekleda får røff behandling. Ungane kryp rundt, klatrar og herjar i tøyet og me er klar over at det må tåle ein heil del. For å sikre at produkta våre held tett har me streng kvalitetsstandar i produksjonen. Eigenskapane til materialene brukt i våre produkt, slik som vannsøyle, haldbarheit i vask og slitestyrke vert testa i laboratorie. For å måle slitestyrke i plagga våre nyttar me Martindale-testen. Stoffprøvar spennes fast og gnis mot eit standard slitestoff. Slitasjemotstanden vurderes etter kor mange gnidningar som må til før det oppstår brudd. Parkdressane våre tåler f.eks 80 000 syklusar Martindale.Les meir om korleis me måler slitestyrke her.

Kleda våre, spesielt bornekleda får røff behandling. Ungane kryp rundt, klatrar og herjar i tøyet og me er klar over at det må tåle ein heil del.
Kleda våre, spesielt bornekleda får røff behandling. Ungane kryp rundt, klatrar og herjar i tøyet og me er klar over at det må tåle ein heil del.

Mål på om plagget er vanntett

Som mål på kor vanntett plagget er, nyttar me vannsøyle. Vannsøyle viser kor stort vanntrykk eit plagg tåler før vatnet trenger gjennom stoffet. Vinterregndressen vår har f.eks 30 000 i vannsøyle, og som samanligning har mykje som marknadsføres som vanntett ei vannsøyle på 2000.Les meir om korleis me måler vannsøyle her.

Me testar sjølve PU-regntøyet vårt i laboratorium og ser at stoffet faktisk kan sprekke før vatnet kjem gjennom.
Me testar sjølve PU-regntøyet vårt i laboratorium og ser at stoffet faktisk kan sprekke før vatnet kjem gjennom.

Vanntett i seg sjølv

Regntøyet til Kattnakken blir laga av noko me forkortar til PU. Dette stoffet er laga i plast for å gjera det vasstett og ein er trygg for at det ikkje er noko PFC (Perfluorerte forbindelser, Fluoriserte stoffer) i PU-plagg.

Det er viktig å vera klar over at oppbygginga av eit PU-regntøy kontra eit teknisk regntøy er svært ulik. Ein treng f.eks aldri bruke impregnering på eit plagg laga av PU. Eit PU-stoff er laga av plast og er derav vanntette i seg sjølv. Eit teknisk stoff der i mot, er som oftast eit vevd materiale som blir tilført eit belegg på baksida (coating) og impregnering av div variantar på yttersida. Stoffet kan då få eigenskapar som er pustande, men det gjer også stoffet svakere samanlikna med eit PU-stoff. Eit PU-stoff vil halde seg lenger i kraftig regnver og i vask. Om ein ikkje får hol i regntøyet så vil ein ha eit regntøy som held tett i mange år. Eit teknisk stoff som kan vera lettare og meir behageleg når ein driv med høgaktivitet ute, vil halde deg tørr til eit viss punkt, men vil bli slitt med tida og under vask. Det er grunnen til at tekniske stoff har høgare vasssøyle enn PU-stoff. Rett og slett fordi det må ha litt å gå på.

NB! PU variantar og tekniske stoff tåler ikkje skyllemiddel eller ullvaskemiddel. Desse inneheld olje/balsam som gjer at liming og sveising lausnar. I tillegg kan laga i plagget lausne frå kvarandre. F.eks kan PU og Coatin lausne frå det andre stoffet. Du må heller aldri bruke for høg temperatur ved vask då det gjer plagget hardt og stivt.

For eit regnsett laga i PU er deyt først og fremst tjukkelsen på PU-laget og styrken i baksidestoffet som avgjer kor høg vannsøyle plagget har. Vår kvalitets-PU er heilt vanntett i seg sjølv.
For eit regnsett laga i PU er deyt først og fremst tjukkelsen på PU-laget og styrken i baksidestoffet som avgjer kor høg vannsøyle plagget har. Vår kvalitets-PU er heilt vanntett i seg sjølv.

no-nn