Ordre og betaling

Spørsmål og svar

Korleis legg eg inn ei bestilling?

Når du har funne produkta du ønskjer, legg du dei i handlekorga og går vidare til kassa. Her fyller du inn kontaktinformasjon, vel leveringsmåte og betalingsmetode før du bekreftar bestillinga. Når bestillinga er gjennomført, får du ein ordrebekreftelse på e-post. Har du ikkje motteke denne innan kort tid, sjekk gjerne søppelpost eller kontakt kundeservice.

Kan eg endre eller avbestille ei bestilling?

Me pakkar og sender ordre så raskt som mogleg. Dersom du ønskjer å endre eller avbestille bestillinga di, ber me deg kontakte kundeservice så snart som mogleg. Me kan ikkje garantere at endringar er mogleg dersom ordrebehandlinga allereie har starta.

Eg har ikkje fått ordrebekreftelse

Ordrebekreftelsen blir sendt automatisk til e-postadressa du oppga ved bestilling. Dersom du ikkje finn ho: Sjekk søppelpost eller reklame-mappa. Kontroller at e-postadressa er skrive korrekt. Kontakt kundeservice dersom du framleis ikkje finn bekreftelsen.

Kva betalingsmåtar kan eg bruke?

Vi tilbyr trygge og enkle betalingsløysingar. Tilgjengelege betalingsmåtar blir viste i kassa og kan variere over tid.

Er betalinga mi trygg?

Ja. Alle betalingar blir behandla gjennom sikre og krypterte betalingsløysingar. Kattnakken lagrar ikkje kortinformasjonen din.

Rabattkodar og gåvekort

Har du ein rabattkode eller eit gåvekort, kan dette leggjast inn i kassa før betaling. Dersom du opplever problem med ein rabattkode: Kontroller at koden er skriven korrekt. Sjekk om koden framleis er gyldig. Les eventuelle vilkår knytte til kampanjen. Kontakt kundeservice dersom du treng hjelp.

Fekk du ikkje fullført betalinga?

Dersom betalinga ikkje går gjennom: Prøv på nytt etter nokre minutt. Kontroller at betalingsinformasjonen er korrekt. Prøv ein annan betalingsmåte dersom mogleg. Blir du framleis hindra frå å gjennomføre kjøpet, er du velkomen til å kontakte kundeservice.

no-nn