Vanlege spørsmål
Lurer du på noko? Her finn du svar på det meste
Kan eg bytte?
Kattnakken tilbyr gratis bytte dersom det gjeld farge/størrelse i samme vare. Bytteforespørsel kan opprettast her: https://kattnakken.no/pages/retur-og-bytte Om du ynskjer bytte til ei anna vare enn du hadde kjøpt i utgangspunktet, må prisen på det nye produktet vere lik det du kjøpte i utgangspunktet. Alternativt kan du velge retur og tilgodelapp, for å deretter legge inn ny bestilling. Spørsmål kan sendast til [email protected]
Korleis returnere?
For å returnere, følg denne linken: https://kattnakken.no/sider/retur-og-bytte Returetiketten må printast og plasserast godt synleg på pakken. Lever pakken til næraste PostNord innleveringsstad. Retur må gjerast innan 30 dagar. Returnerte varer må vera ubrukt og fullstendig med alt av tilbehør, etikettar og emballasje. Forbrukar må dekka returkostnadane (jf. Angrerettlova § 15, første ledd). Ved retur vil pengane bli refundert innan 30 dagar etter mottak. Merk at returkostnaden på 69 kr vil bli trekt frå refusjonsbeløpet. Spørsmål kan sendast til [email protected]
Korleis kansellere ei bestilling?
Du kan kontakte kundeserviceteamet vårt på [email protected]. Ver venleg og oppgi ordrenummeret og grunnen til kanselleringa i meldinga. Bestillingar kan berre kansellerast før dei er sendt ut. Dersom bestillinga allereie er sendt ut, sjå vår returpolicy for meir informasjon.
Korleis kan eg spore bestillinga mi?
Når bestillinga di er fullført og behandla, vil du motta ein e-postbekreftelse med bestillingsdetaljane dine. Denne e-posten vil innehalde eit sporingsnummer. Det kan ta opptil 24 timer før nummeret blir aktivt i hos fraktleverandøren. Om du ikkje ser nokon oppdateringar med ein gong, ver venleg å sjekk igjen seinare.
Kva om pakken min blir borte eller skadet?
Tapt pakke Hos Kattnakken jobbar me for å sikre at kvar bestilling kjem fram til deg i perfekt stand. Dersom bestillinga di blir tapt under transport, ver venleg og kontakt kundestøtteteamet vårt på [email protected] med ordrenummeret ditt og eventuelle relevante opplysningar. Skadet pakke Me forstår skuffelsen over å motta ein skada pakke. I slike tilfelle ber vi deg kontakte kundestøtteteamet vårt på [email protected] innan kort tid etter at bestillinga er mottatt, og leggje ved bilete av dei skada varene eller pakken. Me vil gå gjennom den oppgitte dokumentasjonen og, om nødvendig, sørge for erstatning eller refusjon.
Korleis håndteres frakt?
Ordrebehandlingstid Alle bestillingar vert normalt sendt fra oss innan 1-2 verkedagar (i høgsesong kan det bli forsinkelsar). Fraktmetodar Pakkar frå oss vert sendt med Postnord til utleveringsstad eller pakkeautomat. Ordre som inneheld kun reparasjonslappar vert sendt som brevpost til postkasse uten sporing. Fraktprisar For bestillingar med verdi under kr 1000 er fraktprisen kr 69,- Bestiller du for over 1000 kr, spanderer me frakta. Brevsending (kun reparasjonslappar) er gratis. Klikk & Hent (kun Stord) er gratis. Klikk & hent Du kan om ønskeleg bestille Klikk & hent, og hente i vår fysiske butikk på Stord. Opningstider for henting av Klikk & hent-ordre er kvardagar frå kl. 12:00-16:00 (+ onsdagar kl. 12:00-18:00). Sending utenlands Kattnakken tilbyr dessverre ikkje sending til Svalbard eller utland.
Angrerett
Angrerettlova gjeld ved kun ved forbrukarkjøp i Kattnakken sin nettbutikk. Angreretten gjeld ikkje dersom varene ikkje kan leverast tilbake i same stand og mengde, og skade eller svekking skyldest uforsiktigheit eller manglande omsorg frå forbrukerens side (jf. Angrerettlova § 12, punkt a). Varene må vera ubrukte med alle merkelappar på. Angrerettskjema blir sendt per e-post saman med leveringsbekreftelsen. Du må nytte angreretten innan 30 dagar frå du mottek pakken.
Eg la inn feil på ordren min...
Om ordren ikkje har blitt sendt, kontakt oss på e-post [email protected] så raskt som mogleg, så gjer me vårt beste for å hjelpe deg med å rette opp feilen.
Korleis betalar eg?
Vi tilbyr trygge og enkle betalingsløysingar. Tilgjengelege betalingsmåtar blir viste i kassa og kan variere over tid.
Eg oppga feil adresse...
Du kan sjølv endre utleveringsstad i PostNord appen. Treng du hjelp angåande adresseendring, kontakt oss på e-post [email protected].
Kan eg hente bestillinga mi?
Ja det kan du! Bestillingar kan hentast i lagerbutikken på Stord kvardagar frå kl.12:00 - 16:00, og 12:00 - 18:00 på onsdagar. Me sender ut hentemelding på SMS når pakken er klar.
Kva tid mottek eg varene mine?
Din ordre blir sendt innan 48 timar (kvardagar). I høgsesongen august og september kan det ta noko lenger tid. Pakken vil nå deg 2-4 verkedagar etter sending (på enkelte strekningar opp til 6 verkedagar). Pakken blir frakta av PostNord - me tilrår å laste ned PostNord-appen for leveringsstatus. Hugs å hente pakken innan 7 dagar når den har kome til hentestaden, ellers vert den sendt i retur og du kan bli belasta for eit gebyr. Du kan sjølv utvide hentefrist i PostNord-appen.
Eg gløymde å hente pakken min!
Dersom ein pakke vert uavhenta og returnert påløper ein straffeporto på kr 149,-. Om du vil at me skal sende pakken på ny kan du kontakte oss på e-post [email protected].
Reklamasjon
Ved fabrikasjonsfeil eller svakheit på saum, glidelås og liknande har du hos Kattnakken 2 års reklamasjonsrett mot framlagt kjøpsbevis. Fabrikasjonsfeil er feil som fantes allereie då produktet blei levert. Reklamasjonsrett gjeld ikkje ved vanleg slitasje, skadar som ein sjølv er skuld i, feil vask- og vedlikehald. Reklamasjonsrett dekker heller ikkje skadar forårsaka av ulykker, feil bruk, aktløyse, eller naturleg nedbrytning av fargar og materiale etter langvarig/hyppig bruk. Dersom noko er feil med vara du har motteke: Send bilde, beskrivelse og ordrenummer/kvittering til: [email protected] Ved normal bruk, vil eit Kattnakken produkt halde lenge. Dersom produktet er kjøpt hos ein av våre forhandlarar må du kontakte den det gjeld direkte. NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei reklamasjonssak.
Me kan reparere!
Har du vore uheldig og skada produktet? Ta kontakt så vurderer me om reparasjonsavdelinga kan reparere skaden på: [email protected] Reparasjonar utan garanti kostar kr 199,- inkl. porto. Om det er ein skade som blir godkjent reklamasjonssak, vil me erstatte portoen. Merk at portoen ikkje vil bli refundert om reklamasjonsavdelinga finn ut at skadene er sjølvforskyldt.
Korleis klargjer eg produktet for reparasjon eller reklamasjon?
Alle reparasjonar og reklamasjonar må avklarast med Kattnakken før innsending. Kontakt oss på epost-adresse [email protected]. Legg ved namn, adresse, mobilnummer og e-post i pakken når du returnerer produktet. Dette for at me skal vite kven me skal kontakte og returnere vara til etter reparasjon. Ved garantisak må også kopi av kvittering leggast ved. Ved reparasjon må du også legge ved beskriving av det du ønsker fiksa. Alle produkt som blir sendt inn for reparasjon må vere nyvaska. Dersom produkta ikkje er vaska etter Kattnakken sine anvisningar tek me atterhald om retten til å fakturere 300 kr for vask. Om produktet ikkje er vaska får me ikkje reparert det, eller sett på eventuelle feil, og me må levere det til vask før me kan starte arbeidet. Dette er av hygieniske årsaker og for at me skal kunne sjå eventuelle skadar og reparere dei.
Korleis kan eg vite om det er ein produskjonsfeil?
Produksjonsfeil er feil som fanst allereie då produktet blei levert, og det vil som regel vise seg raskt. Reklamasjonar vurderast basert på produktet sin tilstand, alder, bruk, vedlikehald og slitasje. Dersom det er ein produksjonsfeil så gjeld reklamasjonsprinsippet. Sjølvforskyldte skadar som for eksempel slitasje, feilbruk eller liknande gjed ikkje som produksjonsfeil. Ta kontakt med oss for vurdering på: [email protected]
Korleis gå fram ved reklamasjon?
Alle reklamasjonar må avklarast med Kattnakken før dei kan godkjennast. Når det er godkjent reklamasjon vil Kattnakken presentera ei løysing, anten i form av erstatning, refusjon eller reparasjon. Ei individuell bedømming av blant anna produktet si tilstand og alder er avgjerande for erstatning. NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei reklamasjonssak. Alle reklamasjonshenvendingar må sendast til [email protected]
Korleis finne riktig størrelse?
Du finn eksakte produktmål under alle produkt i nettbutikken vår. Mål deg sjølv eller den du skal handle til, og samanlikn med produktmål for å finne riktig størrelse. NB: Hugs at for store klede kan gi barnet nedsatt bevegelsesevne.
