Tennissokkar Ull
JUNIOR/VAKSEN

Tennissokkar Ull

SV-1245 Natt

Ein mjuk og varm ullsokk med komfortabel ¾-høgde og mjuk frottèsåle som gir god demping gjennom heile dagen.

139 NOK
Velg farge: Natt
Velg størrelse:
Fraktfritt på kjøp over 1000 kr
30 dagar ope kjøp
Gratis retur ved bytte av størrelse
Kun 69 kr i returkostnad - rask og enkel retur
Bli med i kundeklubben og få 10 % rabatt

Beskrivelse

Tennissokk Ull.

Dette er sokken for deg som likar den gode ullkjensla – men ønskjer eit litt kortare skaft enn den klassiske fotballsokken. Tennissokk Ull har same solide kvalitet og komfort, men med ei behageleg ¾-høgde som passar perfekt til både kvardag, jobb og lett aktivitet.

Den mjuke frottsåla gir ekstra varme og god demping utan å bli for tjukk i skoen. Ulla pustar naturleg, transporterer bort fukt og held føtene varme sjølv gjennom lange dagar på beina eller skiftande vær. Resultatet er tørrare, lunare og meir komfortable føter gjennom heile dagen.

Passforma sit godt utan å stramme eller sige ned, og sokken fungerer like fint i joggesko og arbeidssko som i støvlar og fritidssko. Ein enkel og påliteleg favoritt som fort blir ein fast del av kvardagen.

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Deryas Oeko-tex Klasse 1 Baby/Barn/Junior/Vaksen
Reparasjon- og vask

Reparasjon- og vask

Slik tar du best vare på tøyet Les meir
no-nn