Bukse Bomulla
BARN/JUNIOR

Bukse Bomulla

SPU-1276 Grå Melert

Ei herleg mjuk og behageleg bukse med 70 % ull på innsida og 30 % bomull på utsida. Den mjuke ulla gir naturleg varme og god temperaturregulering, medan bomullen gir ei slitesterk og komfortabel utside. Ei allsidig bukse med god bevegelsesfrihet, perfekt til både skule, barnehage og fritid.

499 NOK
Velg farge: Grå Melert
Velg størrelse:
Leikar godt saman med
Fraktfritt på kjøp over 1000 kr
30 dagar ope kjøp
Gratis retur ved bytte av størrelse
Kun 69 kr i returkostnad - rask og enkel retur
Bli med i kundeklubben og få 10 % rabatt

Beskrivelse

Bukse Bomulla – mjuk ull på innsida, bomull på utsida! Ei skikkeleg god kvardagsbukse som kombinerer det beste frå to naturmateriale! Bukse Bomulla har 70 % ull på innsida og 30 % bomull på utsida, ein herleg kombinasjon som gir både varme, komfort og eit avslappa uttrykk. Perfekt for barn som treng ei mjuk og behageleg bukse til både leik, aktivitet og rolege stunder.

Det beste frå to naturmateriale
Den mjuke ulla ligg nærast kroppen og hjelper med å regulere temperaturen naturleg, slik at barnet held seg passe varmt gjennom dagen. Ull pustar godt og gir ein behageleg følelse mot huda, også når aktivitetsnivået varierer.

Bomullen på utsida gir buksa ein mjuk, robust og slitesterk kvalitet som passar perfekt til ein aktiv kvardag. Kombinasjonen av ull og bomull gjer dette til ei allsidig bukse som fungerer like fint på skulen og i barnehagen som til fritid og heimekos.

Komfortabel passform for aktive dagar
Bukse Bomulla har ei behageleg passform med god bevegelsesfrihet. Ho følgjer barnet fint i bevegelse utan å stramme eller bli for vid. Den mjuke kvaliteten gjer buksa god å ha på gjennom heile dagen, anten barnet spring, klatrar, leikar eller slappar av.

Buksa passar til bruk store delar av året, med naturleg varme på kjølege dagar og god komfort når temperaturen stig.

Bomulla – mjuke favorittar til kvardagen
Bomulla er serien for barn som ønskjer komfortable klede med eit avslappa og fint uttrykk. Her har me kombinert naturmateriala ull og bomull for å lage mjuke og allsidige plagg som passar til ein aktiv kvardag.

I same serie finn du også Genser Bomulla, laga i den same gode materialkombinasjonen. Kombiner buksa og genseren for eit komplett, mjukt og behageleg sett som passar til både skule, fritid og heimekos.

Eigenskapar

Materiale
  • Innermateriale: Merinoull
  • Yttermateriale: Bomull
Ytelse
  • Behageleg passform
  • Fukttransporterande
  • Pustande
Produktpleie
  • Formast etter vask og tørkast flatt
  • Ullprogram 30 °C
  • Ullvaskemiddel

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Deryas Oeko-tex Klasse 1 Baby/Barn/Junior/Vaksen

Produktmål for barn/junior (cm)

Tilbake til toppen
Størrelse (cm)3-4 år (98/104)5-6 år (110/116)7-8 år (122/128)9-10 år (134/140)
1.Livvidde60646872
2.Hoftebredde66707478
3.Indre beinlengde40475461
Reparasjon- og vask

Reparasjon- og vask

Slik tar du best vare på tøyet Les meir
no-nn