

Mjuk og varm ullbukse i 100 % merinoull som held seg fin vask etter vask. Perfekt som mellomlag under yttertøy eller som komfortabel kosebukse inne.

Den populære tjukkulla vår har vore med heilt sidan oppstarten i 2013 – og er framleis ein stor favoritt hos både små og store.
Buksa er laga i 100 % merinoull som varmar godt, pustar og kjennest mjuk mot huda. Ho eignar seg perfekt som mellomlag under regn- eller vinterdress, men er like god som inneplagg i barnehage/skule eller heime på kalde dagar. Tips! Me har også laga ei ulljakke som passar perfekt saman med denne buksa.
Passforma er mjuk og elastisk, slik at barnet kan leike og bevege seg fritt. Ulla held seg svært fint vask etter vask, utan mykje nupping.
Dette er ei ullbukse laga for kvardagsbruk, leik og mange sesongar vidare.
| Størrelse (cm) | 92 | 98 | 104 | 110 | 116 | 122 | 128 | 134 | 140 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1.Hoftebredde | 62 | 64 | 66 | 68 | 70 | 72 | 74 | 78 | 80 |
| 2.Livvidde | 44 | 46 | 48 | 50 | 50 | 52 | 54 | 56 | 60 |
| 3.Indre beinlengde | 41 | 42 | 46 | 49 | 50 | 51 | 60 | 62 | 62 |
