Samfunnsansvar

Me reparerer – og heiar på deg som gjer det sjølv

September 2024

Hos Kattnakken lagar me klede som skal brukast, arvast og få vere med på mange eventyr. Derfor er reparasjon ein viktig del av filosofien vår.

Det mest miljøvennlege plagget er ofte det du allereie har.

Når ein fotstrikk ryker, ein knapp forsvinn eller det kjem ei lita rift i regntøyet, betyr ikkje det at plagget er ferdig. Tvert imot. Mange små skadar kan fiksast på få minutt – og då kan plagget få mange nye år i bruk.Prøv sjølv først

Me oppmodar alltid til å prøve sjølv først. Du kan få til meir enn du trur.

Gjennom åra har me laga fleire korte instruksjonsvideoar som viser korleis du enkelt kan utføre vanlege reparasjonar på Kattnakken-plagg. Her viser me mellom anna korleis du:

  • skiftar fotstrikk
  • byter trykknappar
  • reparerer små skadar i regntøy
  • gjer enkle vedlikehaldsoppgåver sjølv

Mange blir overraska over kor enkelt det faktisk er.

For å gjere det endå lettare sel me også reservedelar og reparasjonsutstyr i nettbutikken. Der finn du mellom anna fotstrikkar, knappar og reparasjonslappar som er utvikla for å gi plagget nytt liv.

Me selger reperasjonslappar for regntøy som gjer regntøyet så godt som nytt.  Lappen er ekstremt sterkt og svært elastisk og er ingen midlertidig løysing,
Me selger reperasjonslappar for regntøy som gjer regntøyet så godt som nytt. Lappen er ekstremt sterkt og svært elastisk og er ingen midlertidig løysing,

Sjå instruksjonsvideoar for korleis du sjølv kan reparere tøyet ditt her.

Våre plagg frå Kattnakken er laga for å vara. Vårt håp er tre born i kvart plagg, minst. Det er berekraft i praksis. Me har laga ein serie med enkle reperasjonsvideoar som viser korleis du kan bidra du også gjennom å reparere tøyet sjølv. Følg link over.
Våre plagg frå Kattnakken er laga for å vara. Vårt håp er tre born i kvart plagg, minst. Det er berekraft i praksis. Me har laga ein serie med enkle reperasjonsvideoar som viser korleis du kan bidra du også gjennom å reparere tøyet sjølv. Følg link over.

Når du treng hjelp

Nokre gongar er skaden litt større, eller kanskje du ikkje har moglegheit til å reparere sjølv. Då hjelper me gjerne.

Me reparerer mellom anna:

  • skifte av trykknappar
  • utskifting av fotstrikkar
  • mindre reparasjonar på saum og fôr
  • andre skadar som kan utbetrast utan å påverke funksjonen til plagget

Er du usikker på om plagget kan reparerast? Ta gjerne kontakt på [email protected] med bilete og ei kort forklaring av skaden. Då vurderer me saka saman med deg.

4-5 Vedlikehaldsutstyr-01.jpg

Kvar reparasjon tel

Når eit plagg får litt ekstra levetid, betyr det mindre ressursbruk og mindre avfall. Derfor er reparasjon noko av det viktigaste me kan gjere for miljøet.

Målet vårt er enkelt: Eit Kattnakken-plagg skal få vere med på fleire eventyr enn eitt. Gjerne gå i arv til søsken, venner eller nye små utebarn.

Difor seier me ofte:

Takk til deg som reparerer.

For kvar knapp som blir sydd på att, kvar fotstrikk som blir bytt og kvar liten rift som blir reparert, er eit lite bidrag til at klede varer lenger.

Og det synest me er verdt å feire.

no-nn