

Reservedel med trykknapp som kan bytast ved behov. Ein enkel måte å gi plagget nytt liv og forlenge brukstida.
Trykknapp er ei praktisk reservedel når ein knapp har blitt øydelagd eller blitt borte. Ein liten del som gjer det mogleg å reparere plagget i staden for å bytte det ut.
Trykknappen kan bytast sjølv dersom du har riktig verktøy, eller takast med til skreddar, sybutikk eller andre som kan hjelpe med montering. Med ny knapp er plagget raskt klart for fleire dagar med leik og aktivitet ute.
Me trur på å bruke produkta lenge. Eit plagg frå Kattnakken er laga for å vare, og me synest det er ekstra kjekt når regntøy går i arv og får nye eventyr vidare.
