

Vinterbukse til junior i mjuk og slitesterk Oxford polyester med varm vattering og høg vassøyle. Laga for aktive vinterdagar med snøleik, skule, tur og lange friminutt ute.
Vinterbukse Junior er laga for aktive barn og juniorar i høgt tempo. Perfekt til skule, friminutt, aking, vinterleik og lange dagar ute.
Den mjuke og slitesterke Oxford-kvaliteten gir god rørslefridom og toler aktiv bruk gjennom heile sesongen. Med 140 gram vattering held buksa godt på varmen og gir ein lun og komfortabel kjensle på kalde dagar. Det tekniske materialet er vannavvisande, vindtett og utvikla for å halde barnet tørt og komfortabelt gjennom aktiv bruk ute.
Buksa passar svært godt til vinterdagar med snø og mykje aktivitet. Skal junior ut i ekstra våte forhold med tung slaps eller svært vått vêr, anbefaler me vår vinterfôra regnbukse for maksimal vern mot vatn.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

| Størrelse (cm) | 7-8 år | 9-10 år | 11-12 år | 13-14 år |
|---|---|---|---|---|
| 1.Livvidde | 60 | 64 | 68 | 72 |
| 2.Hoftebredde | 92 | 98 | 102 | 106 |
| 3.Indre beinlengde | 57 | 61 | 65 | 69 |
| 4.Beinåpning | 22 | 22,5 | 23 | 23,5 |
