

Ein favoritt i ny og betre utgåve! Polvotten har fått ullfôr som gir naturleg varme og held godt på varmen også når ulla blir fuktig. Ein varm og slitesterk vintervott for kalde dagar ute.
Polvotten vår har fått ei viktig oppgradering. Me har bytta ut det tidlegare fleecefôret med ullfôr, for å gi små hender endå betre varme og komfort gjennom kalde vinterdagar.
Kvifor ull? Ull har naturlege temperaturregulerande eigenskapar, pustar og held godt på varmen sjølv om ho blir fuktig. Det er spesielt nyttig for små hender som vekslar mellom full fart i snøen og rolegare stunder ute.
Votten er mjuk og behageleg på innsida, med ei passform som gir god bevegelighet og er enkel å få på små hender. Ytterstoffet er laga i slitesterk Oxford polyester som toler aktiv vinterleik.
Utsida er behandla med Bionic Finish® Eco, som gir ein vassavvisande effekt når barnet leikar i snø og vintervêr. For å bevare den vassavvisande effekten over tid anbefaler me å etterimpregnere ved behov.
Ein god vintervott til barnehage, skule, trilletur og leik ute – no med dei naturlege fordelane frå ull på innsida.
