Personvern

Kva informasjon samlar me inn, og kvifor?

Me ynskjer å informere deg om kva informasjon me samlar inn når du vitjar nettsida vår, og til kva føremål denne informasjonen vert nytta og handsama. Me set òg i verk tiltak for å sikre ditt personvern og informasjonen me lagrar hos oss.

Kattnakken AS er ansvarleg for behandling av personopplysningar på www.kattnakken.no. Me har òg ansvaret for at personopplysningar me innhentar gjennom andre system og media, slik som sosiale medium og analyseverktøy, vert behandla i tråd med gjeldande reglar.

Det er frivillig å oppgje personopplysningar når du vitjar nettsida vår, gjennom skjema for førespurnad, kontakt, bestilling, nyheitsbrev og andre skjema. Når me treng samtykke, vil dette vere tydeleg markert. Me innhentar og behandlar ulike data på våre digitale plattformer for å forbetre informasjonstilbodet vårt og levere tenestene våre til deg som brukar.

Du har rett til innsyn, endring og sletting av personopplysningar me lagrar om deg. Ved å nytte nettsida vår, samtykkjer du i at me lagrar informasjon som beskrive her. Du har ingen plikt til å gje personopplysningar til oss i Kattnakken AS, og me innhentar ikkje eller lagrar opplysningar av sensitiv art via våre digitale plattformer.

Ved behov for oppdateringar vil me revidere personvernerklæringa vår.

Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er informasjon som kan knytast til deg som enkeltperson, slik som namn, kontaktinformasjon (e-post, telefon, adresse), bilete, fødselsnummer og arbeidsgivar. Sensitiv informasjon omfattar til dømes etnisk opphav, religiøse eller politiske meiningar, helseforhold, seksuell legning eller fagforeiningsmedlemskap. Kundeforhold kan òg innehalde opplysningar om prosjekt, fakturering, kontakt, samarbeid med tredjepartar og marknadsføring. Informasjon om adferdsmønster, demografi som kjønn og stad, samt nettlesar.

Korleis får me personopplysningar frå deg?

  1. Informasjonskapslar (cookies)
    Me nyttar informasjonskapslar på denne nettsida for å hugse tidlegare brukarinnstillingar og gje ei meir personleg tilpassa brukaroppleving. Informasjonskapselen samlar mellom anna inn IP-adressa di, men eit script fjerner dei siste siffera frå adressa slik at ho ikkje kan nyttast til å identifisere deg.

  2. Skjema og direkte kontakt
    Informasjon gjennom kontaktskjema, bestillingsskjema, nyheitsbrev og direkte kontakt vert lagra i våre system. Du kan enkelt be om å verte sletta frå desse systema.

  3. Andre kjelder
    Me kan motta informasjon frå tredjeparter som anbefalar kontakt med deg i samband med kundeforhold. Du kan be om sletting av slik informasjon frå våre system.

Kva brukar me personopplysningane til?

  1. Statistikk og analyser
    Me samlar data for å analysere brukaratferd på nettsida. Dette gjer det enklare å optimalisere nettsida og betre kommunikasjonen til deg.

  2. Feilsøking og sperring
    Me loggfører alle besøk på vår server for å kunne feilsøke, identifisere hackerangrep og etterkome eventuelle lovkrav frå myndigheiter.

  3. Levering av tenester
    For å kunne levere og fylgje opp tenestene våre, nyttar me personopplysningar i samband med kundeservice, fakturering og oppfølging av deg som kunde.

Kor lenge lagrar me opplysningane?

Personopplysningar vert lagra så lenge det er naudsynt for tenestene våre eller statistikk- og analyseføremål. Dersom du er i kontakt eller relasjon med oss, vert informasjonen lagra inntil den ikkje lenger er naudsynt eller til du ber om sletting. Merk at data som vert sletta, vert oppbevart i sikkerheitskopi i inntil 1 månad for å kunne gjenvinne data ved datatap.

Kven deler me opplysningane med?

  1. Underleverandørar og samarbeidspartnarar
    Opplysningar vert delt med andre trygge aktørar berre med ditt samtykke. Alle underleverandørar som behandlar opplysningar på våre vegne følgjer reglane våre for handtering av personopplysningar.

  2. Av juridiske grunnar
    Me kan vere pålagde å dele opplysningar med myndigheiter dersom det ligg føre pålegg frå domstolar eller politi.

  3. Ved endringar i selskapet
    Dersom Kattnakken AS vert ein del av oppkjøp eller fusjon, vil du verte varsla om endringane og få informasjon om kva val du har angåande dei opplysningane me har lagra.

Korleis beskyttar me personopplysningane?

All maskinvare og teknisk utstyr på våre kontor er sikra med passord og tilgangskontrollar. Me følgjer prosedyrar for å reagere på eventuelle sikkerheitsbrot, både internt og hjå våre leverandørar.

Endre eller slette opplysningane dine?

Dersom du ynskjer innsyn i, eller sletting av, personopplysningar me har lagra om deg, kan du kontakte oss på post@kattnakken.no eller telefon 45 67 00 92.

Avgrensing av ansvar

Dersom me er knytte til tredjeparter som handsamar sensitiv informasjon, er dei sjølve ansvarlege for oppbevaring av slik informasjon. Når du klikkar på lenkjer til andre nettsider, forlèt du vår plattform, og me er ikkje ansvarlege for innhaldet på desse sidene.