Boblekåpa kjem i løpet av september!
Meld deg på nyhetsbrevet
her, så får du epost når den kjem
på lager.
Produktbeskrivelse
Nyheit! Bobleregnkåper i PU materiale og ei vannsøyle på 10 000 mm. Desse er heilt vanntette der regnet prellar av stoffet. Kåpene har vattering i form av kunstfiber så her kan junior halde seg varm og heilt tørr når hausten sett inn for fullt. Det syntetiske foret held på varmeevna når det blir vått, i motsetning til dun, og sidan dette er ei regnjakke har me valt bort dunet. Kåpa er slitesterk og kan vaskast som vanleg PU-regntøy utan å miste form og funksjon. I tillegg tørkar syntetiske materialar raskare enn naturleg dun, noko som er ideelt når PU-stoffet ikkje skal i tørketrommelen.
Dei kjem inn til både junior og vaksen i ulike fargar. Å kor me gledar oss til å lansere desse inn i nettbutikken i løpet av september.
PS: I løpet av september kjem det også inn bobleregnjakkar til junior, sjå style 1309.
Eigenskapar:
• Vanntett (10 000 vannsøyle)
• Vindtett
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Vattert med kunstfiber (rask tørketid)
• Avtagbar og regulerbar hette
• Refleksar på armar, hette, bak og på lommer
• Regulerbar strikk i livet
• Vanntett glidlås
• Lommer framme og på brystet
• Str. 7-14 år
• Øko Tex 100
• Fluorkarbonfri