Regnponcho Barn og Junior RBE-1251-WHITE-155-1/3 Y

799 kr

Valgt farge: Kritt

Valgt storleik:

Ny lett børsta overflate som gir eit mjukare og meir stilreint uttrykk.

Beskrivelse

Ein lett og praktisk regnponcho som er enkel å ta med seg på tur. Han tek liten plass i sekken og er lett å ta fram når vêret plutseleg skiftar. Perfekt på ferie, til byturen, på sykkelen eller som den lette regnjakka ein alltid har med seg – berre i tilfelle.

Den nye, lett børsta overflata gir eit mjukare uttrykk og ein meir matt finish enn tradisjonell glatt PU. Resultatet er ein poncho som kjennest litt lunare, ser litt meir moderne ut – og framleis held barnet like tørt. Den lause og romslege passforma gir god bevegelsesfrihet og gjer ponchoen enkel å slenge over vanlege klede. Med det litt meir pynta uttrykket fungerer han like fint i bybildet som på tur eller på veg til skule eller barnehage.

Ponchoen er laga i lett PU-kvalitet med sveisa saumar som held regnet ute. Materialet er både vindtett og 100 % vanntett. Den justerbare hetta skjermer godt når regnet piskar, medan neoprenmansjettane held ermene på plass og bidreg til å halde vind og vatn ute. Splitten bak med borrelås gir ekstra fleksibilitet og komfort når barnet syklar, spring eller er i aktivitet. 

Refleksdetaljar på hette, ermer og bak gir betre synlegheit på mørke og regnfulle dagar. Frontlomma gir plass til små skattar og småting som må vere med på tur. 

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Oeko-Tex Logo

Produktmål for valgt størrelse

  • Armlengde: 49 cm fra midten av nakken til kanten av ermet
  • Rygglengde: 47 cm målt loddrett fra midten av nakken til plaggets nedre kant
  • Brystvidde: 49 cm i omkrets rundt brystet