

Lett og mjuk regnbukse til junior i komfortabel PU Knit med god bevegelsesfrihet. 100 % vanntett og vindtett – perfekt for skule, fritid og aktive dagar ute.

Ei lett og behageleg regnbukse for dei litt større barna som treng eit praktisk plagg til skuleveg, fritid og kvardagsbruk ute. Denne modellen er laga i mjuk PU Knit med lett stretch, som gir god bevegelsesfrihet og komfort gjennom heile dagen.
Buksa passar perfekt når vêret skiftar fort, og når det er behov for eit lett regnplagg som er enkelt å ta på. Fargen Kattesvart matchar alt frå spreke fargar til klassisk yttertøy.
Passforma kan enkelt justerast med strikk og knapp i livet. Nede på beina finn du skjult strikk som gjer det mogleg å regulere opninga etter sko og støvlar.
Refleksdetaljar bak på beina gjer junior godt synleg i mørket. Fargen er vår spesielle Kattesvart, som passar like godt saman med blått som svart og er enkel å kombinere med resten av garderoben.
Buksa er romsleg i størrelsen. Men hugs at dette er eit gummiert stoff, noko som gjer at den ikkje skal sitte for stramt i baken eller over knea når du bøyer deg. Då vil du kunne "sprenge" stoffet. Gi heller baken 3 cm ekstra stoff å gå på;)
Det er uansett ikkje lett å sjå kul ut i ei regnbukse, men vi gjer vårt beste og dei som har kjøpt buksa til no har skrytt veldig over kor god og behageleg den er!
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

| Størrelse (cm) | 7-8 år | 9-10 år | 11-12 år | 13-14 år |
|---|---|---|---|---|
| 1.Hoftebredde | 88 | 90 | 92 | 94 |
| 2.Livvidde | 82 | 84 | 86 | 88 |
| 3.Indre beinlengde | 63 | 67 | 71 | 75 |
