Vindbukse Junior 1404 Kattesvart 7/8

599 kr

Valgt farge: Kattesvart

Valgt storleik:

Tips! Denne vindbuksa passar fint saman med Vind Anorakk Jr .

Beskrivelse

Mjuk og behageleg fleirbruksbukse som passar perfekt på SFO eller i friluftsliven for dei litt større. Kjem i str. 7-14 år. Også perfekt for fjelltur, sykkeltur og uteliv ved sjøen. Buksa passar fint saman med vindanorakken vår for junior. Ho er primært laga for å vere vindtett, men har også vassavstøytande eigenskapar og er pustande. Perfekt for vår, sommar og tidleg haust, men kan også brukast som ytterbukse om vinteren med rett underlag.

Buksa er laga av resirkulert Oxford polyester, har forsterkingar på kne og sete, refleksdetaljar framme og bak, samt justerbare fotstrikkar. Ho har ein vannsøyle på 12 000 mm med teipa saumar. Deler av dette produktet er laga av resirkulerte polyesterfiber.

Eigenskapar:
• Materiale: Resirkulert Oxford Polyester
• Vindtett
• Pustande
• Vanntett (12 000 vannsøyle)
• Justerbar strikk nederst i fot
• Teipa saumar
• Slitestyrke over 50.000 Martindale >9kg
• Refleksar på beina bak
• Regulerbar strikk i livet
• Fluorokarbonfri
• Øko Tex 100
• Bionic Finish(R)Eco (økologisk impregnering)

Bionic-finish ECO, kva er det?
Våre PU produkt er laga vasstette så dei har ikkje behov for impregnering. Våre skallprodukt/tekniske yttertøy må impregnerast for å nå tilfredstillande vassøyle. Impregneringa me nyttar heiter Bionic Finish® Eco og er ei naturlig og økologisk vassavvisande impregnering, utan bruk av miljøskadelege fluorkarbon og skadelege fluorforbindelsar (PFAS). Utvikla av Rudolf Group i Tyskland og den nyaste teknologien for miljøvennleg vatn- og antismussbehandling av ytterplagg.

BIONIC-FINISH ECO eigenskapane:
• Utan skadelege fluorforbindelser
• Økologisk
• Vannavstøtande
• Smussavstøtande
• Gjer at tekstilane tørkar hurtigare
• Bevarer fargar og tekstilar lengre
• Bevarar pusteevna i plagget
• Vêrbestandig
• Tålar å bli vaska

Les meir om temaet her:
https://regn.kattnakken.no/berekraft/kjemikaliegruppen

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)