
Bobleregnkåpe Sludd er ei varm og vanntett regnkåpe, med eit reint og tidlaust uttrykk. Perfekt til kvardagsbruk i regn, vind og sludd – når du vil halde deg både varm, tørr og fin.
Ei varm og vanntett regnkåpe eit reint og tidlaust uttrykk. Bobleregnkåpe Sludd kombinerer funksjon og stil, og passar like fint over kjole som til strikk og jeans.
Kåpa er laga i vanntett PU-materiale med 10 000 mm vannsøyle, og har vindtett kvalitet og teipa og sveisa saumar som held regn og sludd ute. Den lette kunstfibervatteringa gir god varme utan å gjere kåpa tung, og tørkar raskt.
Med regulerbar hette, vanntett glidelås og praktiske lommer ved hofter og på brystet er Sludd godt tilpassa ein aktiv kvardag. Diskré refleksar på armar, hette, rygg og lommer gir ekstra synlegheit i mørket.
Frå jobb til fritid
Bobleregnkåpe Sludd er laga for dagar med mykje på planen, uansett vêr. Perfekt til jobb, barnehagelevering, byturar og små ærend i ruskevêret. Ei påliteleg kvardagskåpe som held deg varm og tørr, utan at du treng å gå på kompromiss med stilen.
