Vinterregndress Slaps
BABY/BARN

Vinterregndress Slaps

1407 Blåbærmelk

Varm og 100 % vanntett vinterregndress med 80 g vattering og ekstra slitesterk PU.
Perfekt for slaps, tullesnø og øs pøs regnvêr

1 399 NOK
Velg farge: Blåbærmelk
Velg størrelse:
Fraktfritt på kjøp over 1000 kr
30 dagar ope kjøp
Gratis retur ved bytte av størrelse
Kun 69 kr i returkostnad - rask og enkel retur
Bli med i kundeklubben og få 10 % rabatt

Eigenskapar

Materiale
  • Fôr: Polyestervatt
  • Innermateriale: Kvilta polyester
  • Yttermateriale: Polyuretan (PU) Ekstrem
Ytelse
  • Temperaturkomfort frå ca. -5 °C til +10 °C
  • 100% Vanntett
  • Behageleg passform
Funksjon
  • Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
  • Knappestolpe
  • Knappregulering i livet
Produktpleie
  • Unngå tørketrommel
  • Unngå tøymjuknar
  • Vaskast på 40 °C
Uslåeleg kvalitet Laga for ein aktiv kvardag
Norsk design Designa på Vestlandet
Trygg og miljøvennleg Ansvarlege val

Beskrivelse

Vinterregndress Slaps frå – kolleksjon «Tolvmeterskogen 2025» er ein ekte Kattnakken-favoritt – laga for barn som ikkje let seg stoppe av slaps, søle eller vinterregn. Dette er dressen for kalde og våte dagar, når vanleg regntøy ikkje er nok og vinterdressen blir for varm.

Ein del av Tolvmeterskogen
I kolleksjonen Tolvmeterskogen møter du figurar, fargar og mønster inspirerte av naturen og fantasien. Her blir kvardagslege turar til små eventyr, og regnvêret blir ein naturleg del av leiken.

Dressen er laga i Polyuretan Ekstrem (PU) – den mest slitesterke regntøykvaliteten vår. Med sveisa saumar, vanntett glidelås og beskyttande knappestolpe held dressen vatnet ute, sjølv når vêret viser seg frå si våtaste side.

80 gram vattering gir god varme på kalde regndagar, medan det ventilerande fôret sørgjer for at barnet held seg komfortabelt gjennom aktiv leik. Den glatte innsida gjer dessutan dressen enkel å ta av og på – også for barn som vil klare seg sjølv.
Dressen har fleire gjennomtenkte detaljar som gjer kvardagen enklare. Den nedsenka halsen gir betre komfort rundt haka, medan skattelommer med glidelås gir plass til små funn frå dagens eventyr. Fri justering av strikken i livet gjer det enkelt å tilpasse passforma etter barnet.

Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Vannstopparar på armar og bein bidreg til å halde barnet tørt, medan slitesterke fotstrikkar held dressen godt på plass over støvlane. Refleksar på hette, armar og bein gir god synlegheit på mørke og våte dagar.

Dressen er romsleg i storleik. Mål barnet si høgd og vel den storleiken som ligg nærast. For store klede gir mindre bevegelsesfrihet og meir unødvendig slitasje på plagget.

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Underrain Oeko-tex Klasse 1 Baby/Barn/Junior/Vaksen

Produktmål for baby/barn (cm)

Tilbake til toppen
Størrelse (cm)80869298104110116122128
1.Armlengde424650535659596265
2.Rygglengde505356596265687174
3.Livvidde7678848690929698102
4.Indre beinlengde293235384246505356
Reparasjon- og vask

Reparasjon- og vask

Slik tar du best vare på tøyet Les meir
no-nn