Dock Boot Blomsterbarn
BABY/BARN

Dock Boot Blomsterbarn

DB-1302 Blå Skugge

Varm og 100 % vanntett heilårsstøvel til barn – laga for aktiv kvardag ute, med
slitesterk naturgummi og isolerande neopren.

749 NOK
Velg farge: Blå Skugge
Velg størrelse:
Fraktfritt på kjøp over 1000 kr
30 dagar ope kjøp
Gratis retur ved bytte av størrelse
Kun 69 kr i returkostnad - rask og enkel retur
Bli med i kundeklubben og få 10 % rabatt

Eigenskapar

Materiale
  • Naturgummi og neopren
Ytelse
  • 100% Vanntett
  • Temperaturkomfort frå ca. -15 °C til +15 °C
Funksjon
  • 5 mm isolerande neopren
  • Forsterka tå og hel
  • Frottésåle
Produktpleie
  • Unngå tørketrommel
  • Vaskast på 30 °C (i vaskepose)

Beskrivelse

Dock Boot kolleksjon Blomsterbarn 2027 – Allvêrsstøvel for born. Kattnakken har inngått samarbeid med Dock Boot, og saman har me laga ein skikkeleg kvalitetsstøvel med Kattnakken sitt glade og fargerike design. Her får du ein varm, heilt vanntett og svært slitesterk allvêrsstøvel – klar for barnehage, skule og fritid året rundt.

Denne støvelen er utvikla for barn som er mykje ute, og for foreldre som treng fottøy dei kan stole på. Han passar like godt til våte haustdagar som kalde vintermorgonar og sølete vårdagar. Med god passform og lett av-og-på-design kan også dei minste barna klare mykje sjølve.

Støvelen er laga i naturgummi og 5 mm neopren – same type isolerande materiale som blir brukt i dykkardrakter. Det gir ein støvel som både varmar godt og held vatnet heilt ute. Temperaturkomforten ligg frå om lag +15 °C til –15 °C, noko som gjer han til eit svært godt heilårsval for norske forhold.

Naturgummien gir svært god slitestyrke, og forsterka tå og hæl gjer støvelen ekstra robust for aktiv bruk. Dette er ein støvel som toler springing, klatring, hopping i sølepytter og lange dagar ute.

Støvelen sit godt på foten og er enkel å ta av og på – noko som betyr mindre stress i garderoben og meir meistring for barnet. Når dagen er over, kan han vaskast i maskin på 30 °C (bruk vaskepose), og tørkar raskt til neste eventyr.

Dock Boot blir produsert i tråd med EU REACH-regelverket, og det er ikkje tilsett PFAS i produksjonen av neopren eller gummi.

Produktmål for baby/barn (cm)

Tilbake til toppen
Størrelse (cm)20212223242526272829303132333435
1.Innvendig såle13,714,31515,716,31717,718,21919,820,320,721,522,423,224
Reparasjon- og vask

Reparasjon- og vask

Slik tar du best vare på tøyet Les meir
no-nn