

Vanntette regnsokkar til dei minste barna – laga for trilletur, leik og små eventyr i regnværet. Fleecefôr held små føter varme, tørre og trygge. Vanntett og vindtett med sveisa saumar.
Regnsokkar – for dei små som enno ikkje går
Når regnværet kjem, er det ingen grunn til å halde ungane inne. Regnsokkane er laga så dei minste kan vere med ut – i sandkassa, på trilletur og i møte med sølepyttar..
Perfekte for trilletur og kvardagseventyr
Desse sokkane er laga for born som enno ikkje går, men som likevel vil vere med ut og oppleve verda. Dei sit godt på foten – og held små føter varme, tørre og trygge heile turen.
Funksjon som gjer ein skilnad
Materialet er Polyuretan (PU) – same typen vi brukar i våre regnjakker og regnbukser. Sokkane er vindtette, vanntette og har sveisa saumar som hindrar vatn i å trenge inn der sting og nål har vært.
Gjennomtenkte detaljar
Fleecefôr på innsida lunar godt utan at det blir klumpete. Mjuk og beskyttande rundt små føter. Sokkane fins i fleire fargar.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

| Størrelse (cm) | Onesize (0-2 år) |
|---|---|
| 1.Lengde fotsåle | 13 |
| 2.Høyde på sokken | 18 |
