

Vanntette regnvottar med fleecefôr som held små hender varme og tørre.
Perfekt for leik i regnpytter og øs pøs vêr – med superheltmønster frå Superkatten 2026.
Regnvottar Superhelt – kolleksjon «Superkatten 2026». Desse regnvottane er laga for små superheltar med store planar. Med sitt eige superheltmønster frå Superkatten 2026 matchar dei perfekt til resten av kolleksjonen – klare for nye oppdrag i regnet.
Ein del av Superkatten-universet
I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar på superheltoppdrag. Inspirert av diktet «Ein superhelt», handlar kolleksjonen om leik, fart og fantasi i kvardagen. Her kan barna hoppe i regnpytter, springe gjennom regnet og la fantasien få fritt spelerom – utan å fryse på hendene.
Vottane er laga i mjuk PU (Polyuretan Lett) med sveisa saumar som held vatnet ute – sjølv når det øser og pøser. Fleecefôret gir lun varme, slik at små hender held seg gode og varme gjennom heile leiken.
Dei er lette å ta på, og har regulerbar strikk som gjer at dei sit godt på hendene – også under aktiv leik. Namnefelt gjer det enkelt å halde styr på superheltutstyret i barnehagen.
Tips! Bli ein ekte Superkatt
Kombiner med Regnsett Plask Superhelt, Sydvest Superhelt og Dock Boot Superkatten – så er superheltantrekket komplett frå topp til tå.
Held små superhelt-hender varme – uansett vêr og oppdrag.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

| Størrelse (cm) | 0-1 år | 1-2 år | 3-4 år | 5-6 år | 7-8 år |
|---|---|---|---|---|---|
| 1.Bredde håndflate | 8 | 9 | 9,5 | 10 | 11 |
| 2.Lengde fra langfinger til håndledd | 13 | 13,5 | 15 | 16,5 | 17 |
| 3.Tommellengde | 4,8 | 5 | 6 | 6,5 | 7 |
