

Ankelullsokkar til vaksne med mjuk frotésåle for ekstra komfort. Perfekte til tur, fritid og kjølege dagar der du ønskjer litt ekstra komfort under foten.
Korte ullsokkar er laga for dei som ønskjer funksjonelle sokkar til både kvardag og aktivitet. Dei passar like godt til jobb og fritid som til turar og dagar med mykje rørsle.
Den mjuke ullblandinga bidreg til å regulere temperaturen og transportere fukt bort frå huda, slik at føtene held seg tørrare og meir komfortable gjennom dagen. Den ekstra mjuke frotésåla gir god demping og komfort under foten, utan at sokkane blir for tjukke i skoen.
Materialblandinga med 68% ull, 30% polyamid og 2% elastan gir ein god kombinasjon av komfort, slitestyrke og passform. Sokkane sit godt på foten og held fasongen gjennom bruk og vask. Perfekte til både kvardag, trening og tur.
For å ta best vare på kvalitetane i ulla anbefaler me vask på ullprogram 30 °C med ullvaskemiddel. Ikkje bruk tøymjuknar eller tørketrommel.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

