

Lange og mjuke knesokkar i ull som held både føter og legger gode og varme. Perfekte til tur, kontor og kalde dagar – like fine i fjellsko som til kjole.
Knesokkar i ull er eit godt val for kjølege dagar, enten du er på tur, på jobb eller ønskjer litt ekstra komfort i kvardagen. Den lange modellen gir god dekning oppover leggen og passar like fint i tursko som til kjole eller under buksa.
Ulla bidreg til å regulere temperaturen og transportere fukt bort frå huda, slik at føtene held seg tørrare og meir komfortable gjennom dagen. Den mjuke kvaliteten kjennest behageleg mot huda, medan den elastiske strikken bidreg til at sokkane sit godt utan å sige.
Materialblandinga med 80 % ull, 18 % polyamid og 2 % elastan gir ein god kombinasjon av komfort, slitestyrke og passform. For å ta best vare på kvalitetane i ulla anbefaler me å lufte sokkane mellom bruk. Ved behov kan dei vaskast på ullprogram 30 °C med ullsåpe. Unngå tøymjuknar, og tørk flatt etter vask. Formast lett medan dei er fuktige.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

