

Ein mjuk og lun pysj med viskose på innsida og ull på utsida.
Perfekt for god søvn – pustande, temperaturregulerande og skånsam mot babyhud.
Pysj Sau & Skau frå Kattnakken
Ein komfortabel pysjamas laga for rolige netter og mjuke morgonar – med kvalitet som tek vare på dei minste.
Denne pysjen passar like godt til leggetid som til kos og roleg leik. Den lette kvaliteten gir barnet ein behageleg start og slutt på dagen.
Ulla på utsida held godt på varmen og gir naturleg temperaturregulering, medan innsida i viskose kjennest mjuk og skånsam mot huda. Det gir komfort gjennom heile natta – utan å bli klam. Viskosen gir ein glatt og behageleg overflate som reduserer irritasjon. Perfekt for babyar som treng plagg som er snille mot huda.
Knepping midt framme og langs det eine beinet gjer det enkelt å kle på og av, også når barnet er i bevegelse eller trøytt.
Del av Sau & Skau-serien og enkel å kombinere med andre plagg for eit komplett sett.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

