Ulleggings Sau & Skau
BARN/JUNIOR

Ulleggings Sau & Skau

SPU-1278 Jord

Ekstra mjuk og behageleg ullleggings til barn, strikka i ei lun blanding av ull og viskose. Pustande og temperaturregulerande, med stretchy ribb som gir god bevegelsesfrihet. Perfekt som ei komfortabel bukse til kvardag, leik og kos.

299 NOK
Velg farge: Jord
Velg størrelse:
Fraktfritt på kjøp over 1000 kr
30 dagar ope kjøp
Gratis retur ved bytte av størrelse
Kun 69 kr i returkostnad - rask og enkel retur
Bli med i kundeklubben og få 10 % rabatt

Beskrivelse

Ein ekstra mjuk og behageleg ullleggings til barn, laga for å brukast som ei vanleg bukse gjennom heile dagen. Her er ull og viskose spunne saman i kvar tråd, noko som gir ein lun, lett og silkemjuk kvalitet som kjennest god mot huda.

Ulla bidreg til naturleg temperaturregulering, medan viskosen gir ekstra mjukheit og komfort. Saman skapar dei ein pustande kvalitet som passar godt til både kvardag, leik og rolege stunder heime.

Leggingsen er strikka i stretchy ribb som følgjer barnet sine bevegelsar, held forma og gir god bevegelsesfrihet. Den er fin å bruke som bukse saman med ei trøye eller ein genser, og treng ikkje gøymast under andre klede. Eit mjukt og allsidig plagg som fort kan bli ein favoritt i garderoben.

Ein del av Sau & Skau – nyheit hausten 2026!
Sau & Skau er ein ny serie med mjuke og komfortable ullplagg til baby og barn. Serien har gjennomtenkte materialkombinasjonar, behagelege kvalitetar og fine detaljar som gjer plagga gode å bruke i kvardagen.

Ullleggingsen skil seg frå dei andre plagga ved at ull og viskose er blanda i sjølve garnet, i staden for å ha ull på utsida og bambusviskose på innsida.

Kombiner leggingsen med Trøye Sau & Skau eller Body Sau & Skau for eit mjukt og matchande antrekk. I serien finn du også Longs og Pysj Sau & Skau.

Eigenskapar

Materiale
  • Ull
  • Viskose
Ytelse
  • Behageleg passform
  • Pustande
Funksjon
  • Lanolinfri
Produktpleie
  • Formast etter vask og tørkast flatt
  • Ullprogram 30 °C
  • Ullvaskemiddel

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Deryas Oeko-tex Klasse 1 Baby/Barn/Junior/Vaksen
Reparasjon- og vask

Reparasjon- og vask

Slik tar du best vare på tøyet Les meir
no-nn