
Ullpysj Alltid Ull fra Kattnakken i 100 % ekstra myk merinoull. Kløfri, pustende og temperaturregulerende, med praktisk knepping. Perfekt hele året.
Ein ekstra mjuk og behageleg ullpysj i 100 % merinoull, laga for dei aller minste. Den tynne og kløfrie kvaliteten føles god mot sart babyhud og gir naturleg varme og komfort gjennom heile natta.
Merinoull regulerer temperaturen naturleg, pustar og transporterer fukt bort frå huda. Det hjelper barnet med å halde ein behageleg temperatur utan å bli klam. Perfekt både på kjølige vinternetter og mildare netter gjennom året.
Pysjen har sidestilt knapping med samanhengande lukking heilt ned til foten, som gjer på- og avkledning enklare. Den mjuke og komfortable passforma gir god bevegelsesfrihet, både under søvn og til kos og leik før leggetid.
Ein del av Alltid Ull – nyheit hausten 2026!
Alltid Ull er den nye serien vår i ekstra mjuk og behageleg 100 % merinoull, utvikla for å brukast innerst mot sart baby- og barnehud. Enkle design og komfortable kvalitetar gjer dette til ullplagg for både kvardag, leik og kvile.
I serien finn du også Ullbody, Ullsinglet Body, Ulltrøye, Ullongs, Ullsinglet, Ullbokser Jente og Ullbokser Gutt. Kombiner favorittane og set saman ein mjuk og god ullgarderobe til dei minste.
Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

