

Varm og mjuk ullongs i 100 % merinoull. Mønsterstrikka med fleire trådar for ekstra varme og slitestyrke – perfekt som innerlag under regntøyet. Matchar Ulltrøye Stjerne.
Ein varm og mjuk ullongs i 100 % merinoull, laga for små og litt større utebarn. Perfekt som innerlag under regntøyet på kjølige dagar, eller som eit behageleg koseplagg til leik inne.
Stjerneulla er strikka i farga mønster med fleire trådar. Det gir ikkje berre eit fint uttrykk, men også ein sterkare og meir slitesterk kvalitet. Dei ekstra ulltrådane gir samtidig god varme og isolasjon.
Merinoull regulerer temperaturen naturleg, pustar og held godt på varmen også når ho blir fuktig. Det gjer ullongsen godt egna til aktive dagar i barnehagen og ute i all slags vêr.
Match med Ulltrøye Stjerne
Ullongsen er ein del av Stjerneull-serien vår og passar perfekt saman med Ulltrøye Stjerne. Saman får du eit varmt og komfortabelt ullsett som fungerer like fint under yttertøyet som til leik og kos inne.
Ulla er lanolinfri. Lanolin er eit naturleg fettstoff i ull som enkelte kan reagere på. Difor har me valt ull utan lanolin i denne serien.
