Barnehagestart

6 tips til å velje rett regntøy til barnehagestart

September 2024

Ås barnhage 2026 Babyregndress Pytt-17.jpg

6 tips til rett regntøy

Når hausten nærmar seg og borna skal tilbake til barnehagen, er det viktig å ha rett utstyr for å halde dei tørre og komfortable i all slags ver. Regntøy er ein essensiell del av garderoben til dei små, spesielt når dei skal ut og leike i regnet.

1. Vanntettleik er nøkkelen

Det aller viktigaste med regntøy er at det er vanntett. Sjå etter regntøy med høg vannsøyle, gjerne over 8000 mm. Dette sikrar at bornet held seg tørt sjølv i kraftig regn. Sjekk også at saumane er teipa eller sveisa, då vatn elles kan trenge inn gjennom saumane. Vannstopper i ermer og bein kan også vera ein stor fordel.

Hos Kattnakken er alt regntøyet laga i PU materiale som er heilt vanntett i seg sjølv. I eit PU materiale er det tjukkelsen på PU-belegget og kva styrke baksidestoffet har, som er med på å gi vannsøyla. I tillegg vil ikkje PU stoffet miste vannsøyla etter bruk ute, eller under vask.

Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om vannsøyle

2. Vel regntøy der tryggleik er tenkt inn i designet

Når du vel regntøy til barnet ditt, er det ikkje berre vannsøyle og slitestyrke som betyr noko. Smarte designdetaljar kan også gjere kvardagen tryggare.

Hos Kattnakken tenker me på tryggleik heilt frå første skisse. Derfor plasserer me refleksar på alle sider av plagget, slik at barnet blir godt synleg frå alle vinklar. Me legg ekstra vekt på refleks på hetta, fordi det ofte er det første ein ser når eit lite barn kjem gåande bak ein bil, ein hekk eller eit gjerde.

Me er også opptekne av at hetta skal sitje godt og ikkje falle framfor ansiktet, slik at barnet har best mogleg sikt når det leikar ute. I tillegg er alle hettene på plagga våre avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Alle hettene på plagga våre har refleks og er avtakbar og regulerbar. Dei fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.
Alle hettene på plagga våre har refleks og er avtakbar og regulerbar. Dei fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

På regnfulle dagar anbefaler me gjerne sydvest eller regnhatt i staden for vanleg hette. Då får barnet betre sidesyn og høyrer betre det som skjer rundt seg, samstundes som regnet blir halde ute.

Trygge born er glade born – og då blir det endå kjekkare å vere ute, uansett vêr.

Hos Kattnakken har regntøyet alltid refleks på ermer, hette, rygg og bein slik at du kan vera trygg på at bornet er svært synleg i mørket.
Hos Kattnakken har regntøyet alltid refleks på ermer, hette, rygg og bein slik at du kan vera trygg på at bornet er svært synleg i mørket.

3. Haldebarheit og slitestyrke

Barn leikar hardt, og regntøyet må tole røff behandling. Vel derfor regntøy laga av slitesterke materialar som toler både leik i sandkassen og klatring i tre. Eit tjukt og sterkt stoff på kne og i baken er ein fordel, då desse områda er spesielt utsette for slitasje.

Kattnakken nyttar ekstra slitesterkt PU materiale som tåler aktiv leik. Legg også merke til korleis refleks på rygg, hett, fot og ermer gjer bornet svært synleg i mørket.
Kattnakken nyttar ekstra slitesterkt PU materiale som tåler aktiv leik. Legg også merke til korleis refleks på rygg, hett, fot og ermer gjer bornet svært synleg i mørket.

Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om slitestyrke.

4. Bevegelsesfrihet og passform

Regntøyet skal ikkje berre vere funksjonelt, men også behageleg å ha på. Sørg for at det er god bevegelsesfrihet, slik at bornet kan springa og leika utan hindringar. Regntøy med justerbare selar og strikk i livet gir ein betre passform og meir komfort.

Våre regnbukser har justerbare selar og strikk i livet slik at du kan tilpasse buksa etter rygglengda på bornet. I tillegg kan du ha det litt lenger når du kan justere i takt med bornet sin vekst.
Våre regnbukser har justerbare selar og strikk i livet slik at du kan tilpasse buksa etter rygglengda på bornet. I tillegg kan du ha det litt lenger når du kan justere i takt med bornet sin vekst.

5. Enkelt å ta av og på

Barnehagekvardagen kan vere hektisk, og det er ein fordel om regntøyet er enkelt for barnet å ta av og på sjølv. Sjå etter regntøy med glidelås og trykknappar som er lett å handtere for små hender. Dette gjer at bornet kan kle på seg sjølv og sparar tid for dei vaksne. Hos Kattnakken har me t.d laga glatt innside på alle regndressane våre, nettopp for å gjera dei lette å ta av og på. Me vil råde deg til å gjere seg kjent med regntøyet i lag med bornet. La dei prøve det, og ta av og på sjølve, før du tek det med til barnehagegarderoben.

Alle regndressane våre er laga med glatt innside for å gjera dei lette å ta av og på sjølv.
Alle regndressane våre er laga med glatt innside for å gjera dei lette å ta av og på sjølv.

6. Velg eit regntøy bornet sjølv vil ha på

Glade fargar og artige motiv, vil ofte bidra til at bornet har lyst å ta på seg regntøyet sjølv. Ein kan snakke med borna om motiva og skape magi med figurane. Då vert det ekstra kjekt å gå ut.

Me vil at borna skal ha det kjekt uansett vêr. Artige figurar og glade fargar gjer det enklare å få regntøyet på. Skap magi med figurane, og gjer regnvêret til noko gøy!
Me vil at borna skal ha det kjekt uansett vêr. Artige figurar og glade fargar gjer det enklare å få regntøyet på. Skap magi med figurane, og gjer regnvêret til noko gøy!

Med desse seks tipsa i tankane er du godt rusta til å velje det beste regntøyet til ditt born. Rett regntøy gjer barnehagekvardagen både tryggare og meir morosam, uansett ver!

no-nn