Modellen er 170 høg og har på seg str. M i farge Månefjell og S i fargen Kattesvart.
Beskrivelse
Den fantastisk populære bobleregnkåpa er tilbake! I år har me lagt til ein heilt ny farge - sjekk ut den nydelege fargen Bark.
Laga i PU materiale og ei vannsøyle på 10 000 mm. Desse er heilt vanntette der regnet prellar av stoffet. Kåpene har vattering i form av kunstfiber så her kan du halde deg varm og heilt tørr når hausten sett inn for fullt. Det syntetiske foret held på varmeevna når det blir vått, i motsetning til dun, og sidan dette er ei regnjakke har me valt bort dunet. Kåpa er slitesterk og kan vaskast som vanleg PU-regntøy utan å miste form og funksjon. I tillegg tørkar syntetiske materialar raskare enn naturleg dun, noko som er ideelt når PU-stoffet ikkje skal i tørketrommelen. I tillegg har kåpa sjølvsagt teipa og sveisa saumar.
Me har også bobleregnjakkar. Sjå stylenummer 1339 og 1338.
Bilder kan avvike. Merk at årets modell 2025 er utan strikk nedst i ermet. Dette for eit betre fall. Håndsokkar er også justert på årets modell.
Eigenskapar:
• Vanntett (10 000 vannsøyle)
• Teipa og sveisa saumar
• Vindtett
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Vattert med kunstfiber (rask tørketid)
• Avtagbar og regulerbar hette
• Refleksar på armar, hette, bak og på lommer
• Vanntett glidlås
• Lommer ved hofter og på brystet
• Øko Tex 100
• Fluorkarbonfri