Heilårsregndress Hagl 1452-Bananskum-116

1.399 kr

Valgt farge: Bananskum

Valgt storleik:

Tips! Kjøp laus Superheltkappe og knepp den på under hetta.

Beskrivelse

Vattert heilårsregndress (40 g) som held barnet tørt og varmt gjennom store delar av året. Laga i 100% vanntett og slitesterk PU med sveisa saumar og smarte detaljar – perfekt for aktiv barnehageleik i regn og ruskevêr.

Heilårsregndress Hagl – kolleksjon «Superkatten 2026». Ein klassikar frå Kattnakken – no i ny kolleksjon. Heilårsregndress Hagl er laga for å tole både øsande regnvêr og aktiv leik, og passar perfekt til norske forhold gjennom store delar av året. Dette er ein ekte barnehagefavoritt som held barnet tørt dagen lang.

Ein del av Superkatten-universet 💥
I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar med store superkrefter. Inspirert av diktet «Ein superhelt», handlar kolleksjonen om leik, fart og fantasi i kvardagen, med fargar og mønster som lyser opp regnfulle dagar. Heilårsregndressen kjem i 6 ulike fargar med Superkatten-mønster – så barnet kan velje sin eigen favoritt.

Dressen er laga i mjuk og slitesterk PU (Polyuretan Ekstrem) med sveisa saumar som held vatnet ute – sjølv når det øser og pøser. Den lette vatteringa (40 g) gir akkurat passe varme, samtidig som plagget er ventilerande. Resultatet er ein dress som fungerer både på kjølige vårdagar, våte haustdagar og milde vinterdagar.

Bak kvar detalj ligg det godt gjennomtenkte val. Vannstopparar på armar og bein hindrar vatn i å trekke inn, medan slitesterke fotstrikkar held dressen på plass over støvlane – også under aktiv leik. Dressen har refleksar på hette, ermar og bein, slik at barnet er godt synleg ute. Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Den glatte innsida gjer dressen enkel å ta av og på – også for barnet sjølv. I barnehagegarderoben betyr det mindre styr og meir meistring, både for små og store.

Dressen er romsleg i storleik. Mål barnet si høgd og vel storleiken som ligg nærast. For store klede kan redusere rørslefridomen og føre til unødvendig slitasje. Modellane har på str. 104.

Etter vask tørkar dressen raskt om du vrenger han og heng han opp ned.

Eigenskapar:
• Vannsøyle: 100% vanntett
• Polyuretan (PU) Ekstrem

• Ekstrem slitestyrke >80.000 Martindale (>9 kg trykk)
• Sveisa saumar
• Vattert (40 g)
• Ventilerande fôr
• Vannstoppar på armar og bein
• Vindtett
• Slitesterke strikkar under foten
• Refleks på hette, armar og bein
• Avtakbar hette (sikkerheitshette)
• OEKO-TEX Standard 100
• Fluorkarbonfri
• Materiale: Polyuretan Ekstrem

Vårt regntøy er handprinta, og det kan derfor førekome små variasjonar i printet. Dette påverkar ikkje kvaliteten eller funksjonen til plagget.

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Oeko-Tex Logo

Produktmål for valgt størrelse

  • Armlengde: 59 cm fra midten av nakken til kanten av ermet
  • Rygglengde: 68 cm målt loddrett fra midten av nakken til plaggets nedre kant
  • Beinlengde: 50 cm målt fra kryssømmen i skrittet til kanten nederst på buksa
  • Midjevidde: 96 cm rundt midja på plagget utstrekt

Sjå produktdemo